Find your next job in Sykkylven. Explore 11 open vacancies, see top hiring employers and apply directly.
Vil du vere med og gjere ein forskjell for menneske i Sykkylven? Er du ein trygg og inspirerande leiar som motiverer menneska rundt deg? Då kan dette vere stillinga for deg! Vi søkjer ein engasjert avdelingsleiar for Psykisk helse og rus med oppstart frå 01.12.2026. Psykisk helse og rus er ei tverrfagleg teneste som tilbyr oppfølging og behandling til personar med utfordringar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk. Teamet vårt består av høgt kvalifiserte fagpersonar med ulik bakgrunn, mellom anna psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionom. Som avdelingsleiar får du ansvar for å leie og vidareutvikle eit kompetent fagmiljø med fem tilsette. Du vil spele ei sentral rolle i arbeidet med å sikre kvalitet, utvikling og gode tenester til innbyggjarane våre. Stillinga kombinerer leiing med noko pasientretta arbeid. Avdelinga for Psykisk helse og rus er ein del av Helsehus-eininga i Sykkylven kommune, som held til i det nye Helsehuset midt i sentrum. Eininga omfattar også legetenesta, heimebasert omsorg og avdeling for førebygging og meistring, noko som gir gode moglegheiter for tverrfagleg samarbeid. Vil du vere med og forme framtidas psykisk helse- og rustenester i Sykkylven? Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver • Delegert medansvar for økonomi,- personal,- og fagansvar for avdelinga • Dagleg drift • Samhandling med andre avdelingar innad i kommunen, spesialisthelseteneste og andre eksterne samarbeidspartnarar • Pasientretta arbeid • Fagutvikling • Kvalitetsarbeid • Sikre god ressursutnytting innanfor tildelte rammer • Delta i leiargruppe med dei andre avdelingsleiarane og einingsleiar • Rapporteringsansvar for di avdeling til einingsleiar • Andre delegerte oppgåver frå einingsleiar Kvalifikasjonar • Relevant 3-årig sosial og helsefagleg utdanning • Må ha utdanning innan leiing eller relevant leiarerfaring • Kjennskap og forståing for relevant lovverk • God økonomiforståing • God IT kunnskap • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Tydelege leiareigenskapar, sjølvstendig og målretta • Gode samarbeidsevner samt høg gjennomføringsevne • Strukturert, lojal og fleksibel • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø • Førarkort klasse B • Personleg eignaheit vert vektlagd Vi tilbyr • Varierte, utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk • Løn etter kommunale betingelser • Obligatorisk tenestepensjonsordning • Godt arbeidsmiljø • Nye kontorlokaler Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonKanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadAuregata 17 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5165526653 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026
Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved Sørestyranda skule/SFO. Tiltreding etter avtale. Sørestranda skule har for tida om lag 80 elevar, og 38 born nyttar SFO. Vi søkjer ein trygg, strukturert og engasjert avdelingsleiar som ønskjer å bidra til eit inkluderande, trygt og godt skule- og SFO-miljø. Dette er ei variert avdelingsleiarstilling med ansvar for å skape god samanheng mellom skuledagen og SFO. Du arbeider tett på elevane i skuletida og har ansvar for dagleg leiing, drift, organisering og vidareutvikling av SFO. Stillinga kombinerer pedagogisk arbeid, koordinering av medarbeidarar og administrative oppgåver. Arbeidsoppgåvene er for tida fordelte med om lag 60 % arbeid i skulen og 40 % arbeid knytt til SFO. Du er avdelingsleiar i heile stillinga. Stillinga følgjer ordinær arbeidstid, og du må vere tilstades både i skuletida og SFO-tida. Du samarbeider tett med rektor, som er din næraste leiar. Rektor har personalansvaret for dei tilsette. Arbeidsoppgåver • Pedagogisk og miljøretta arbeid tett på elevar og elevgrupper • Samarbeide med lærarar om individuelt tilrettelagd opplæring og tilpassingar innanfor det ordinære opplæringstilbodet • Arbeide proaktivt og førebyggjande for eit trygt og godt skulemiljø • Ansvar for dagleg leiing, drift, organisering og vidareutvikling av SFO • Planleggje aktivitetar og bidra til eit godt pedagogisk tilbod i tråd med rammeplanen for SFO • Administrative oppgåver knytte til den daglege drifta av skulen og SFO • Tett samarbeid med rektor, lærarar og andre tilsette Kvalifikasjonar Det er krav om: • Relevant pedagogisk utdanning på minimum bachelornivå • Relevant erfaring frå arbeid i skule og/eller SFO • Gode digitale ferdigheiter og god systemforståing • God evne til å planleggje, organisere og følgje opp arbeidsoppgåver • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Du må kunne nytte nynorsk • Det må leggast fram gyldig politiattest før tiltreding Leiarerfaring og kjennskap til relevante administrative system er ein fordel. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som • er trygg og tydeleg og har svært gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • byggjer gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer • arbeider strukturert, sjølvstendig og systematisk • tek initiativ, ser løysingar og har god gjennomføringsevne • trivst med ansvar, høgt arbeidstempo og varierte arbeidsoppgåver • bidreg positivt til arbeidsmiljøet og samarbeider godt og tett med rektor og resten av personalet Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt ved tilsetjinga. Vi tilbyr • Ei spennande og variert avdelingsleiarstilling der du kombinerer pedagogisk arbeid, administrasjon og leiing • Høve til å påverke og vidareutvikle samspelet mellom skule og SFO • Tett samarbeid med rektor og dei andre tilsette ved skulen • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Løn etter avtale Vi ønskjer eit større mangfald i personalgruppa. Menn er underrepresenterte ved skulen og blir oppmoda om å søkje. Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Vitnemål og attestar Vi ber om at søkjarar legg ved relevante vitnemål og attestar. KontaktinformasjonKnut Orre, Rektor / Einingsleiar, 99522440, knut.orre@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadIkornnesvegen 15 6222 Ikornnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5164708604 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026
Lønns- og regnskapsmedarbeider. Hva vi ser etter Flere års erfaring i lønns- og regnskapsarbeid. Erfaring i bruk av Visma sine programmer. Gode kunnskaper i bruk av MS Office pakken. Strukturert og handlekraftig. Stor arbeidskapasitet. Arbeidsoppgaver Lønnskjøring for selskapene i Sandella Gruppen. Regnskapsarbeid. Periodeavstemminger. Administrer sykefravær opp mot NAV. Periode- og årsavslutning i samarbeid med regnskapsansvarlig i gruppen. Infobric Time - tidsregistrering. Vi tilbyr Hyggelig arbeidsmiljø. Gode muligheter for å styre egen arbeidsdag. Konkurransedyktige betingelser. Gode pensjons- og forsikringsordninger. 50% stilling med mulighet for utvidelse.
Sykkylven kommune søkjer ein engasjert fysioterapeut til 100 % fast stilling i avdelinga Førebygging og meistring! Vi tilbyr ein spennande arbeidskvardag i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og innovasjon. Stillinga inngår for tida i eit tverrfagleg team som består av blandt anna fysioterapeutar, ergoterapeutar, hjelpemiddelansvarleg, m.fl. Teamet samarbeider tett med tenestekontoret og andre relevante fagmiljø i kommunen. Vi har stort fokus på førebyggande arbeid, samt arbeid med rehabilitering av vaksne i eigen heim og i institusjon. Eit av våre mål er blant anna å bidra til at fleire kan bo trygt heime lengst mogleg. Som fysioterapeut i Sykkylven kommune vil du få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du vil også få høve til å vere med å videreutvukle tenestetilbodet i kommunen. Kan dette vere noko for deg? Då håper vi at du sender oss ein søknad! Arbeidsoppgåver • Kartlegging, vurdering og oppfølging av brukarar med ulike funksjonsfall. • Utarbeiding og gjennomføring av målretta rehabiliteringstiltak i samarbeid med brukar og andre faggrupper. • Rettleiing og trening med fokus på meistring, funksjon og sjølvstende i kvardagen. • Tverrfagleg samarbeid • Rettleiing av brukarar, pårørande og personale. • Planlegging, koordinering og gjennomføring av førebyggjande tiltak. • Bistå brukarar i søknadsprosessar knytt til hjelpemiddel. Kvalifikasjonar • • Godkjent autorisasjon som fysioterapeut • Beherske relevant lovverk • Relevant erfaring/utdanning frå, eller interesse for, rehabilitering og førebyggjande arbeid er ønskeleg. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. • Gode IKT-ferdigheiter. • Førarkort klasse B. • Gyldig politiattest må leggjast fram før oppstart. Personlege eigenskapar • Søkjer ein positiv, engasjert og motivert kollega • Gode samarbeidsevner og interesse for tverrfagleg arbeid. • Løysningsorientert med evne til systematisk, sjølvstendig arbeid • Gode kommunikasjonsevner • Evne til å bygge relasjoner, sjå brukerens ressurser og motivere til egeninnsats. • Bidreg til positivt arbeidsmiljø og godt samhold i gruppa. • Personleg eignaheit tilleggast stor vekt. Vi tilbyr • Ei spennande stilling med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk • Løn etter avtale/tariff • Obligatorisk tenestepensjonsordning • Gode forsikringsvilkår og låneordningar KontaktinformasjonLinda Søvik, avdelingsleiar, 91898759, linda.sovik@sykkylven.kommune.no Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus ArbeidsstadHaugneset 16 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5164027561 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026
Fjord1 har ein ledig stilling som dekkssjef/overstyrmann i sambandet Hundeidvik-Festøya, p.t.MF Dryna. Turnusen er 1 veke på og 1 veke fri, ein kan bu ombord i arbeidsperioden. Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir bred erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid! Arbeidsoppgåver • Leiar for dekksavdeling • Avløysar for skipsførar • Ettersyn på navigasjonsutstyr • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig • Ta om bord/i land bilar og passasjerar ved behov • Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall • Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk • Opplæring, utvikling og trening av personell • At mannskapet har riktig verneutstyr • At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte • At kommunikasjonsutstyr er i orden • At billettering og kontroll vert utført • At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt Kvalifikasjonar • D3-sertifikat • ROC/GMDSS-sertifikat • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta • Ferdighetsertifikat HMOB • Krise-og passasjerhandteringskurs • Gyldig helseattest Personlege eigenskaparVi leitar etter en erfaren og dyktig overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. • Vi tilbyr • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø • Skiftordning: 1 veke på og 1 veke av • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår! • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, pensjonsordninger, behandlingsforsikring og gode rabattordningar KontaktinformasjonJill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518 Arbeidsstad 6224 Hundeidvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS Referansenr.: 5168493149 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 04.09.2026
Har du høgskule eller universitetsutdanning innan helsefagleg arbeid? Brenn du for å arbeide innan fagfeltet psykisk helse og rus? Då kan dette vere stillinga for nettopp deg! Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Psykisk helse og rus! Stillinga er ledig frå 15.10.2026 og inneber arbeid på dagtid (p.t) mandag-fredag. Avdeling for psykisk helse og rus er ein del av Helsehus eininga i Sykkylven. Eininga består av legeteneste, heimebasert omsorg og førebygging og meistrings avdeling. Psykisk helse- og rus er ei tverrfagleg samansett teneste med psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionomar som gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk. Som ein del av tenesta skal du bistå til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sykkylven kommune i form av miljøterapeutisk oppfylging, behandling og førebygging. Dette i tråd med nasjonale føringar. Arbeidsoppgåver • Kartlegging og støttesamtalar • Målretta miljøarbeid • Tilrettelegging/bistand til daglege gjeremål ved behov • Tverrfagleg samarbeid internt i kommunen og eksternt • Legemiddelhandtering • Journalføring i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid • Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande • Oppgåver delegert frå næraste leiar Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR). • Du evnar til å halde deg fagleg oppdatert • Ved tilsetting krevst det tilfredsstillande politiattest • Ønskje om vidareutdanning innan psykisk helse og rusarbeid, eller vilje til å ta slik vidareutdanning • Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus er ynskjeleg • Førerkort klasse B • Oppmodar menn til å søke Personlege eigenskapar • God munnleg og skriftleg framstillingsevne • Vere strukturert og løysingsorientert • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og i team • Vise fagleg engasjement • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø • Personleg egnaheit blir lagt vekt på ved tilsetting Vi tilbyr • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø • Kollegastøtte • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP (hyperlenke) Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonAudhild Myklebust, avdelingsleiar psykisk helse og rus, 91898758 Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765 ArbeidsstadHaugneset 16 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5164234826 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.08.2026
Vil du bli ein viktig del av vårt team som sjukepleiar ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter? Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar ved BUAS, eit moderne og triveleg omsorgssenter med totalt 83 plassar fordlet på 5 avdelingar. To spesialisert på demens omsorg, 1 institusjon, medan to tilbyr heildøgns omsorg og institusjon. Kva tilbyr vi? Ei spennande og variert stilling der 60 % av tida er i stab med ansvar for tenester på tvers av alle avdelingar, og 40 % arbeid direkte i avdeling. Turnus med dag- og kveldsvakter, inkludert langvakter på 12,5 timar, og arbeid kvar 4. helg – helgene og langvaktene er knytt til stabfunksjonen. Ein arbeidsplass der du kan gjere ein stor forskjell for menneska i lokalsamfunnet, i eit støttande og fagleg sterkt miljø. Er du klar for nye utfordringar i eit meningsfullt yrke? Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver • Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid • Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande • Stabfunksjonen skal sikre sjukepleiekompetanse til alle pasientane i eininga. Nokre oppgåver vert satt i system, noko kan bli akuttoppdrag. • Undervisning/opplæring av fagarbeidarar og andre sjukepleiarar • Kvalitetsarbeid: opplæring og kompetanseheving av assistentar og nytilsette, sikre ajourhald av pasientjournalar, kartleggingar, palliasjon, samtale med pårørande-/pårørandestøtte m.m. Yte tenester der det er behov i dei ulike avdelingane Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar. • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR). • Evne til å halde seg fagleg oppdatert • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer • Gjerne erfaring frå veileding og kvalitetsutvikling Personlege eigenskapar • Brenn for kvalitet og fagleg utvikling • Har evne til å sjå heilheita, arbeide strukturert og bidra til gode system og rutiner • Trygg og tydeleg fagperson som kan veilede, motivere og støtte kollega • Har gode samarbeidsevner og liker å jobbe tverrfagleg • Kommuniserer tydeleg både munnleg og skriftleg • Er løysningsorientert, fleksibel og ser moglegheiter og utfordringer • Tek initiativ og tek ansvar for å følgje opp faglege prosessar og forbetringsarbeid • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP • Fagleg sterkt miljø, og med godt samarbeid med sjukeheimslegen • Rekrutteringstillegg til nytilsette Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonWenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218 , wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadHaugneset 16 6230 SYKKYLVEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5133873833 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.09.2026
Dette er ei fellesannonse for oppvekstsektoren i Sykkylven kommune der du som ønskjer å vere tilkallingsvikar i kommunen skule-/barnehageåret 2026/2027 kan melde di interesse. Denne stillingsannonsa gjeld for kommunale skular og barnehagar i Sykkylven. Aktuelle søkjarar vil bli kontakta ved behov. Vi ber om at du opplyser i søknaden om kva arbeidsområde du søkjer på. Søkjer du på fleire arbeidsområde, ber vi deg sette opp ei prioriteringsliste. Vi ber deg også opplyse om kva tidsrom du kan arbeide. Tilsettingsform og stillingsstorleik vil kunne variere. Skular: • Nye Aure barneskule og SFO • Sørestranda skule og SFO • Sykkylven ungdomsskule - og opplæringssenter Barnehagar: • Blakstad naturbarnehage • Ullavik barnehage • Vikedalen barnehage Kvalifikasjonar • Vi søkjer assistentar, fagarbeidarar i barne- og ungdomsarbeidarfaget, barnehagelærarar, lærarar m.v • I samsvar med lova vert det stilt krav om politiattest av ny dato, ikkje eldre enn tre - 3 - månadar Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevne • Engasjert, tolmodig og påliteleg • Evne til å arbeide sjølvstendig • Fleksibel og endringsvillig Vi tilbyr • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk • Løn etter kvalifikasjonar Offentlegheit: Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonKjersti Hovet, Einingsleiar Aure barneskule/SFO, 92029381, kjersti.hovet@sykkylven.kommune.no Monica Hjelmevoll, Avdelingsleiar Aure barneskule, 47668301, monica.hjelmevoll@sykkylven.kommune.no Svein Arne Nakken, Avdelingsleiar Aure barneskule, 90793343, svein.nakken@sykkylven.kommune.no Janne Marstrander, SFO-leiar Aure barneskule, 95018853, janne.marstrander@sykkylven.kommune.no Randi Løseth Aasen, Einingsleiar SUSK, 95184367, randi.loseth@sykkylven.kommune.no Therese Lefdalsnes Hole, Assisterande rektor SUSK, 47670915, therese.lefdalsnes.hole@sykkylven.kommune.no Clara Aarseth-Strømmegjerde, Avdelingsleiar oplæringssenteret, 46954158, clara.strommegjerde@sykkylven.kommune.no Knut Orre, Einingsleiar Sørestranda skule/SFO, 99522440, knut.orre@sykkylven.kommune.no Steinar Klokk, Einingsleiar barnehagar, 95972727, steinar.klokk@sykkylven.kommune.no Randi Ludviksen Hole, Styrar Ullavik barnehage, 95294767, randi.hole@sykkylven.kommune.no Berit Hanken, Styrar Blakstad barnehage, 91898760, berit.hanken@sykkylven.kommune.no Heidi Rasmussen Aurdal, Vikar styrar Vikedalen bhg, 48268321, heidi.aurdal@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadKyrkjevegen 62 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5117073158 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 17.05.2027
Vil du ha det finansielle ansvaret for å skalere en global teknologipioner? Som vår nye CFO blir du en sentral del av ledergruppen i en tid der vi rigger selskapet for betydelig internasjonal vekst. Vi søker en forretningsorientert leder som vil videreutvikle det finansielle fundamentet og sikre nødvendig styring når vi nå tar steget ut i fullskala industriell drift. Du blir en strategisk partner for CEO og styret, med ansvar for å bygge opp og profesjonalisere finansfunksjonen i takt med våre globale ambisjoner. Ansvarsområder I denne rollen får du det helhetlige ansvaret for finansfunksjonen i et selskap som går fra R&D til fullskala serieproduksjon. Vi søker en CFO som er en operativ drivkraft og som tar eierskap til hele kostnadsbildet. Rollen er hands-on, og du som CFO får oppgaven med å skalere finansorganisasjonen i takt med selskapets vekst. Du skal sikre økonomisk soliditet og sørge for at finansfunksjonen er en aktiv bidragsyter i produksjon, sourcing og kommersialisering. Dine viktigste oppgaver: • Operativ økonomistyring og skalering: Strategisk ansvar for budsjett, likviditetsstyring og finansielle modeller som forbereder selskapet for industriell fullskaladrift. • Kostnadskontroll og effektivisering: Bruke finansfunksjonen til å identifisere og gjennomføre kostnadsforbedringer i organisasjonen og i selve produksjonslinjen. • Kommersiell støtte og markedsstrategi: Bidra aktivt i utformingen av globale markedsstrategier, prismodeller og kommersielle avtaler for å sikre lønnsom vekst. • Sourcing og leverandørforhandlinger: Sikre kontroll på komponentkostnader gjennom direkte deltakelse i sourcing-strategier og kontraktsforhandlinger med leverandører. • Kapital og finansiering: Profesjonell oppfølging av eiere (Hatteland og Ronja Capital), bankforbindelser og offentlige tilskuddsordninger (SkatteFUNN/Innovasjon Norge). • Beslutningsstøtte og styrearbeid: Etablere KPI-er og analyser i finansfunksjonen som gir ledelsen trygghet i strategiske valg. Rollen fungerer også som styresekretær. • System og struktur: Overordnet ansvar for at finansfunksjonen utnytter ERP-systemene optimalt for å støtte samspillet mellom produksjon, logistikk og salg. Din profil Vi ser etter en operativ, analytisk og strategisk orientert økonom. Du har solid forretningsforståelse og trives med å «knuse tallene» og dykke ned i detaljer for å finne effektivitetspotensial, samtidig som du har et sterkt strategisk blikk og evner å se det store bildet. Som person er du selvstendig, har høy integritet og trigges av å være en drivende ressurs i et selskap som skal skalere. Du er en motiverende lagspiller som evner å stå i langsiktige og krevende prosesser, og du trives med at rollen er «hands-on» i en organisasjon i rask utvikling. Ønskede kvalifikasjoner: • Høyere utdanning innen økonomi/finans (Siviløkonom eller tilsvarende). • Relevant erfaring innen økonomistyring eller business controlling, gjerne fra industri eller produksjon. • Erfaring med likviditetsstyring og utvikling av finansielle modeller for beslutningsstøtte. • God systemforståelse (Excel/ERP) og interesse for hvordan digitalisering kan styrke finansfunksjonen. • Forståelse for vareflyt og kostnadsbildet i en industribedrift er en fordel. • Gode språkferdigheter i norsk og engelsk. Vi vet at kompetanse kan bygges. Har du det rette drivet og en kommersiell legning, vil du få muligheten til å involvere deg bredt i alt fra leverandørforhandlinger til globale markedsstrategier. Hvorfor Griff Aviation? • En industriell reise: Bli med på å skalere et norsk teknologiselskap som står på randen av et globalt gjennombrudd. • Det beste fra to verdener: Arbeid internasjonalt i et vekstselskap med enorme ambisjoner, samtidig som du har Sunnmøres fantastiske fjell og fjorder som nærmeste nabo. • Unikt samhold: Bli en del av en uformell og ambisiøs «Griff-familie» der vi støtter hverandre og feirer suksesser sammen. • Meningsfylt innovasjon: Bidra til å realisere visjonen om å erstatte helikoptertransport med mer bærekraftige løsninger. • Solide eiere: Jobb i et selskap med svært tunge og langsiktige industrielle eiere i ryggen. • Betingelser: Konkurransedyktige vilkår. Arbeidssted for stillingen er ved vårt hovedkontor i Sykkylven. Søknadsfrist: Snarest – vi vurderer søknader fortløpende. Ønsker du mer informasjon om stillingen? Ta kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY ved rådgiverne: • Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200 • Sarya Aydilek, tlf. 908 06 003 Registrer og send inn CV og søknad snarest, og husk å legge ved alle relevante attester og vitnemål. Rekrutteringspartneren vår behandler alle henvendelser konfidensielt – også overfor oss i Griff Aviation i den innledende fasen dersom det er ønskelig. Tiltredelse etter avtale. KontaktinformasjonSarya Aydilek, Rådgiver - research & analyse, 908 06 003, sa@hamnoy.no Jan Tore Hamnøy, Rådgiver, +47 411 02 200, jth@hamnoy.no Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: GRIFF Aviation Referansenr.: 5122275292 Stillingsprosent: 100% Fast
Vil du jobbe med menneske – og gjere ein forskjell i kvardagen? Sykkylven kommune treng dyktige og engasjerte tilkallingsvikarar i helse- og omsorgstenestene våre. Som vikar hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag, varierte oppgåver og sjansen til å utvikle deg i eit fagleg sterkt og inkluderande miljø. Vi tek imot søknader fortløpande – og aktuelle kandidatar blir kontakta ved behov. Kvar kan du jobbe? Vi har behov for vikarar innan fleire einingar. Skriv i søknaden kva område du ønskjer å jobbe i: Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS) • Sone 1 og 2 • BUAS institusjon • Kjøkken • Korttid / rehabilitering • Natt Helsehuset • Heimebasert omsorg • Nattpatrulje Bu- og rehabiliteringstenestene • Ura • Klokkerhaugen • Barne og avlastingsbustad Søkjer du på fleire område? Lag gjerne ei kort prioriteringsliste, slik at vi enklare finn det som passar best for deg. Arbeidstid og stillingsstorleik Oppgi gjerne kva tider og periodar du kan jobbe. Tilsettingsform og stillingsstorleik vil variere etter behov. Politiattest Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Arbeidsoppgåver • Arbeidet består av vanleg pleiefagleg arbeid og ansvar knytt til dei brukarane som har behov for dei ulike tenestene. Kvalifikasjonar • Vi ønskjer å komme i kontakt med deg som er serviceinnstilt, ansvarsbevisst og har eit hjarte for arbeid med menneske. Erfaring eller relevant utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav – vi gir deg opplæring. • Vi søkjer pleiemedarbeidarar, studentar innan pleie, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar, hjelpepleiarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar m.v Personlege eigenskapar • Vi søkjer medarbeidarar som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarne og deira ønskje og behov, anten dei er heimebuande, bur i omsorgsbustad eller på institusjon. Vi tilbyr • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk. • Løn etter kvalifikasjonar. KontaktinformasjonNina Hovdenakk, avdelingsleiar BUAS natt, 90580264, nina.hovdenakk@sykkylven.kommune.no Eli Hustad Digernes, avdelingsleiar kjøkken, 90292029, eli.hustad.digernes@sykkylven.kommune.no Trine Garshol, avdelingsleiar Ura, 90776577, trine.garshol@sykkylven.kommune.no Linda Søvik, avdelingsleiar heimebasert omsorg natt, 91898759, linda.sovik@sykkylven.kommune.no Janne Midtlid, Avdelingsleiar BUAS institusjon, 99227466, janne.midtlid@sykkylven.kommune.no Anne Britt Kurseth, avdelingsleiar Heimebasert omsorg, 48123591, anne.kurseth@sykkylven.kommune.no Astrid Hammernes Strømme, Avdelingsleiar BUAS sone 2, 95947361, astrid.stromme@sykkylven.kommune.no Vanessa Lyshol, Avdelingsleiar Barne og avlastingsbustad, 94156291, vanessa.lyshol@sykkylven.kommune.no Randi Lindvik Kvam, avdelingsleiar Klokkerhaugen, 46865387, randi.lindvik.kvam@sykkylven.kommune.no Kristine Bjørnestad, avdelingsleiar BUAS korttid/rehab, 99494743, kristine.bjornestad@sykkylven.kommune.no Lillian Urtegård, avdelingsleiar BUAS sone 1, 95948039, lillian.urtegard@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadHaugneset 16 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5047868745 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026
Bu- og rehabiliteringstenestene i Sykkylven kommune søkjer etter fleire støttekontakter og avlastarar. Vi har behov for fleire støttekontakter og personar som kan vere avlastrar på timebasis og avlastarar i privat heim. Vi oppmodar vaksne menn til å søkje! Har du tid til og interesse for å bidra med dette? Då kan kanskje dette vere noko for deg! Som støttekontakt kan du arbeide både med barn og unge - samt vaksne med funksjonsnedsettingar. Arbeidstad Eigen heim eller fritidsaktivitetar Som støttekontakt/avlastar blir du pålagt å fremsyne politiattest før tiltreding jf. § 5-4 i Helse og omsorgstenestelova. Arbeidsoppgåver • Støttekontakt: Bidra til at brukar skal ha ei meiningsfull fritid, følgje til aktivitetar ol • Avlastning: bidra til at omsorrgsytar får naudsynt avlastning Kvalifikasjonar • Må vere fylt 18 år • Du må vere glad i å vere i lag med born/unge som har behov for ekstra støtte til å delta på fritidsaktivitetar. • Ikkje utdanningskrav • Førarkort klasse B er ein fordel Personlege eigenskapar • Du må være pålitelig, sosial og ha evne til å vise respekt overfor brukaren KontaktinformasjonEva Tandstad, avdelingsleiar barne - og avlastingsbustad, 48159110, eva.tandstad@sykkylven.kommune.no Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadHaugneset 16 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 4748383707 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026
Currently 11 vacancies are open in Sykkylven. The listings are refreshed continuously.
Leading employers in the area include Kommunalområde helse, Sykkylven kommune, Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune, GRIFF Aviation.