Hoppa till huvudinnehållet
  • Ortålesund
  • Omfattning–
  • Sista ansökan29 dagar kvar
  • Publicerad6 nov.

Om tjänsten

Om stillinga

Vi søker ein dyktig og initiativrik rådgivar for fotoarkiv som brenn for digital utvikling. Den som blir tilsett vil få ei nøkkelrolle i arbeidet med forvaltning, utvikling og tilgjengeleggjering av fotohistoria frå Møre og Romsdal. Stillinga som rådgivar for Fylkesfotoarkivet inngår i avdeling for Kulturtenester.

Arbeidsoppgåvene

  • Gi råd i bevaring av foto
  • Forvaltning og bevaring av fotoarkiv frå Møre og Romsdal
  • Ordning og systematisering av fysiske og digitale foto, samt påføre metadata og gjere materialet tilgjengeleg på nett og for publikum
  • Arbeid i fotoarkiv
  • Bidra til vidareutvikling av løype for mediekonvertering (digitisering/formatkonvertering) og metadataberiking av foto
  • Samarbeide på tvers og elles delta i oppgåver som ligg til avdeling for Kulturtenester sitt ansvarsområde
  • Oppfølging av eksternt finansierte prosjekt
  • Munnleg og skriftleg formidling av arbeid og arkivmateriale må reknast med

Kvalifikasjonar:

Vi søkjer deg som har:

  • utdanning innan foto, til dømes fagskule/fagbrev, eller relevant femårig høgare utdanning (betydeleg relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell kompetanse; realkompetanse (knytt til bl.a. bevaringsoppgåver) må kunne dokumenterast)
  • erfaring innan rådgiving, forvaltning og bevaring av fotomateriale
  • erfaring frå arbeid med fotoarkiv, fotojus, registrering, digitisering og metadataberiking
  • erfaring med Photoshop, Lightroom, Imaging Edge eller tilsvarande
  • erfaring i ulike verktøy som MS Office, Excel, sak/arkivsystem
  • førarkort klasse B

I tillegg er det ønskeleg at du har:

  • erfaring frå bibliotek, museumsarbeid eller praksis frå anna kulturhistorisk verksemd
  • kjennskap til arkivsystemet ASTA
  • erfaring med prosjektarbeid/prosjektleiing
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, minimum nivå B2

Personlege eigenskapar:

  • Samarbeidsevner: Evne til å lytte, dele informasjon, respektere meiningane til andre og samarbeide godt for å nå felles mål
  • Samarbeide i prosjekt med tilsette, museum og frivillige
  • Sjølvstende: Evne til å ta ansvar, ta eigne avgjerder og strukturere arbeidet
  • Problemløysingsevne: Vere løysingsorientert, analytisk og evne å sjå konstruktivt på utfordringar som oppstår
  • Kommunikasjonsevner: Kunne formidle bodskap klart og tydeleg, tilpasse seg ulike målgrupper og skape god dialog
  • Omstillingsevne (fleksibilitet): Vere open for endringar, kunne tilpasse seg nye situasjonar og lære nye ting raskt

Vi tilbyr:

  • ein plass i eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer, der vi legg vekt på ansvar og tillit, god rettleiing og eit godt arbeidsfellesskap
  • utfordrande og spennande arbeidsoppgåver med store moglegheiter til å påverke fagfeltet og eigen arbeidskvardag
  • fleksitid og pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP Pensjonskasse, som også kan tilby gunstige bustadlån
  • lønn etter avtale
  • betalt lunsjpause
  • bedriftshelseteneste
  • per i dag moglegheit for gratis parkering

Spørsmål om stillinga?

Om denne stillinga høyrest interessant ut, må du gjerne ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat.

Avdelingsleiar Jan Aakvik, mobil: 916 25 091eller dagleg leiar Jesper Sode Hansen på mobil: 920 28 104.

Krav- & nyckelordscheck

Identifierade kompetenser & krav i annonsen:

Har du någon av dessa kompetenser? Klicka på ett ord för att lägga till det i din profil:

Ladda upp ditt CV som PDF eller bocka för dina kompetenser ovan.

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 6 dec.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Ålesund och dölj konkurrerande annonser på sidan.