Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtBremanger
  • Omfattning–
  • Sista ansökan14 dagar kvar
  • Publicerad9 nov.

Om tjänsten

Vil du vere med å opne dører til arbeid, utdanning og deltaking i samfunnet?

Vi søkjer etter lærar til vaksenopplæringa, der undervisninga er knytt til norsk og samfunnskunnskap for vaksne deltakarar i Svelgen og Kalvåg. Stillinga er eit vikariat frå 01.12.26 - 20.09.27

Som lærar hos oss får du ei viktig rolle i å hjelpe menneske med ulik bakgrunn til å utvikle språkferdigheiter, forstå samfunnet dei lever i og skape nye moglegheiter for seg sjølve og familiane sine. Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø som arbeider for at alle skal få dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen og delta aktivt i arbeids- og samfunnsliv.

Arbeidsoppgåver

  • Førebuing til fagprøva gjennom å planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til læreplanmåla for faget ditt
  • Sørge for at barn og unge opplev ein meningsfull kvardag, gjennom å sjå kvart enkelt barn
  • Inkludere barn og unge i planlegging av kvardagsaktivitetar, og skape eit sosialt fellesskap

Kvalifikasjonar

  • Godkjend lærarutdanning eller anna relevant høgare utdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Gode digitale ferdigheiter

Det er ein fordel om du også har:

  • Kompetanse i norsk som andrespråk
  • Kjennskap til læreplanar og regelverk innan vaksenopplæring

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein lærar som er fagleg trygg, relasjonssterk og som ser verdien av mangfald.

Vi legg vekt på at du:

  • Er ein tydeleg og trygg klasseleiar
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er engasjert, fleksibel og løysingsorientert
  • Evnar å motivere og sjå den enkelte deltakar
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage
  • Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
  • Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
  • Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
  • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.

Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/

I tillegg får du:

  • Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
  • Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
  • Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
  • Senioravtale for tilsette over 62 år

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!

Kontaktinformasjon

Gro Bakke Abildsnes, Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid, +47 97167462

Arbeidsstad

Postboks 104

6721 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5200893598

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.12.2026

Sluttdato: 17.09.2027

Søknadsfrist: 24.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 24 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Kultur og fritid, Bremanger kommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Bremanger och dölj konkurrerande annonser på sidan.