Har du lyst til å bidra til at barna får ein trygg, aktiv og kjekk SFO-kvardag? Då ønskjer vi å høyre frå deg! Orre skule i Klepp kommune søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar til eit 40 % vikariat på SFO, med tiltreding etter avtale. Vikariatet varer til 31.07.2027. Stillinga kan passe godt for deg som er student og ønskjer å kombinere jobb med studium, eller for deg som ønskjer ei mindre deltidsstilling. Det kan òg vere aktuelt med ei mindre stilling på morgon-SFO, dersom dette passar for deg. Arbeidsoppgåver Som medarbeidar på SFO vil du mellom anna: • Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna • Delta i leik og ulike aktivitetar inne og ute • Bidra til eit godt og inkluderande miljø • Følgje opp barna sine behov og bidra til gode relasjonar • Samarbeide med dei andre tilsette på SFO og skulen • Bidra til praktiske oppgåver knytte til SFO-kvardagen Kvalifikasjonar • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg • Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel • Studentar innan barnehage, grunnskule, pedagogikk eller andre relevante fagområde er velkomne til å søkje • Gode samarbeidsevner og evne til å skape trygge og gode relasjonar til barn • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Personlege eigenskapar • Er trygg, positiv og omsorgsfull • Likar å vere saman med barn og ser verdien av leik og aktivitet • Er engasjert og tek initiativ • Er fleksibel og samarbeider godt med andre • Har gode relasjonelle ferdigheiter • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø • Moglegheit til å kombinere arbeid med studium • Moglegheit for ekstra arbeid på morgon-SFO etter avtale • Ein arbeidsplass der du får vere med på å skape gode dagar for barna KontaktinformasjonKenth Magne Åsebø-Trodal, Rektor, +47 90790216 ArbeidsstadRoslandsvegen 366 4343 Orre Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5197185543 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.11.2026
Vil du gjere ein forskjell for barn og unge i Klepp? Fritidsklubben i Klepp står framfor ein spennande utviklingsfase. Me flyttar inn i nye lokale i Plogen kulturhus og rådhus, etablerar juniorklubb for elevar på 5.–7. trinn og vidareutviklar fritidsklubben som ein viktig del av kommunen sitt førebyggjande arbeid for barn og unge. Me søkjer ein engasjert miljøterapeut i om lag 35 % fast stilling som ønskjer å bidra til å skape ein trygg, inkluderande og attraktiv møteplass for barn og unge. Stillinga omfattar to kveldar i veka og to helger i løpet av eit skuleår. Storleiken på stillinga er rekna ut etter 40 ukers arbeidsår, og kan diskuterast dersom søkjarar ønskjer fleire kveldar eller arbeid på dagtid i feriar. Stillinga inneber hovudsakleg arbeid to kveldar per veke. Det må også reknast med arbeid to helger i løpet av året i samband med aktivitetar og arrangement. Stillinga kan kombinerast med studium eller anna deltidsstilling. I fritidsklubben er relasjonar vårt viktigaste arbeidsverktøy. Me søkjer derfor ikkje først og fremst aktivitetsleiarar, men trygge vaksne som ønskjer å gjere ein forskjell i livet til barn og unge. Hos oss får du vere med på å utvikla ein ny fritidsklubb som skal vera hjarta i ungdomsarbeidet i Klepp kommune. Arbeidsoppgåver • Delta aktivt på klubbkveldar og aktivitetar. • Byggje relasjonar til barn og ungdom. • Bidra til drift av både fysiske og digitale møteplassar. • Bidra til eit trygt og inkluderande miljø. • Planleggje og gjennomføre aktivitetar. • Følgje opp ungdom og bidra til medverknad. • Delta i utviklinga av juniorklubben. Kvalifikasjonar • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev. • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg. • Interesse for ungdomsarbeid og førebyggjande arbeid. • Digital kompetanse og interesse for ungdomskultur. • Søkjarar må ha tilstrekkelege norskkunnskapar til å kommunisere godt med ungdom, føresette og samarbeidspartnarar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar • Er ein trygg og tydeleg vaksen. • Er raus, inkluderande og relasjonsorientert. • Har gode samarbeidsevner. • Likar å vere aktiv og til stades blant ungdom. • Har lyst til å bidra til utviklinga av fritidsklubben. • Det er ønskeleg at søkjar har førarkort kl.B, men ikkje ei forutsetting • Interesse for friluftsliv, kultur, musikk eller aktivitetar er positivt, men ikkje avgjerande. Vi tilbyr • Ei spennande stilling i ein fritidsklubb i utvikling. • Moglegheit til å vere med og forme eit nytt ungdomstilbod og ein ny juniorklubb. • Meiningsfulle arbeidsoppgåver der du kan gjere ein forskjell for barn og unge. • Eit engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø. • Moglegheit til å påverke aktivitetar, innhald og utvikling av klubben. • Fagleg utvikling innan relasjonsarbeid, ungdomsarbeid og førebyggjande arbeid. • Fleksibilitet som gjer stillinga godt eigna å kombinere med studium eller anna arbeid. • Løn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar. KontaktinformasjonCato Wallin, Avdelingsleder, +47 93482437 ArbeidsstadBedriftsvegen 4353 Klepp Stasjon Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5192360926 Stillingsprosent: 35% Fast Søknadsfrist: 23.10.2026
Fritidsklubben i Klepp står framfor ein spennande utviklingsfase. Me flyttar inn i nye lokale i Plogen kulturhus og rådhus, etablerar juniorklubb for elevar på 5.–7. trinn og vidareutviklar fritidsklubben som ein viktig del av kommunen sitt førebyggjande arbeid for barn og unge. Me søkjer ein engasjert miljøterapeut i om lag 35 % fast stilling som ønskjer å bidra til å skape ein trygg, inkluderande og attraktiv møteplass for barn og unge. Stillinga omfattar to kveldar i veka og to helger i løpet av eit skuleår. Storleiken på stillinga er rekna ut etter 40 ukers arbeidsår, og kan diskuterast dersom søkjarar ønskjer fleire kveldar eller arbeid på dagtid i feriar. Stillinga inneber hovudsakleg arbeid to kveldar per veke. Det må også reknast med arbeid to helger i løpet av året i samband med aktivitetar og arrangement. Stillinga kan kombinerast med studium eller anna deltidsstilling. I fritidsklubben er relasjonar vårt viktigaste arbeidsverktøy. Me søkjer derfor ikkje først og fremst aktivitetsleiarar, men trygge vaksne som ønskjer å gjere ein forskjell i livet til barn og unge. Hos oss får du vere med på å utvikla ein ny fritidsklubb som skal vera hjarta i ungdomsarbeidet i Klepp kommune. Arbeidsoppgåver • Relasjonsbygging og miljøarbeid blant barn og ungdom. • Delta i utviklinga av digitale møteplassar for ungdom. • Planlegging og gjennomføring av aktivitetar, arrangement og temakveldar. • Bidra til utvikling av juniorklubb og ungdomstilbod. • Delta i førebyggjande arbeid og tidleg innsats. • Samarbeide med skule, helsesjukepleiar, føresette og andre tenester. • Bidra til ungdomsmedverknad og inkludering. Kvalifikasjonar • Bachelor som barnevernspedagog, vernepleiar, sosionom eller anna relevant høgskuleutdanning. Er du student, kan du også søkje. • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg. • Interesse for førebyggjande arbeid og ungdomsmedverknad. • God digital kompetanse og interesse for ungdommane sine digitale arenaer. • Søkjarar må ha tilstrekkelege norskkunnskapar til å kommunisere godt med ungdom, føresette og samarbeidspartnarar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: • Er trygg, tydeleg og relasjonssterk. • Har eit godt blikk for barn og unge. • Er raus, inkluderande og løysingsorientert. • Trivst med samarbeid på tvers av fagmiljø. • Har lyst til å vere med og byggje opp noko nytt. • Ønskjer å bidra til at fleire barn og unge opplever tilhøyrsle, inkludering og meistring. • Det er ønskeleg at søkjar har førarkort kl.B, men det er ikkje ei forutsetting • Interesse for friluftsliv, kultur, musikk eller aktivitetar er ein fordel, men ikkje eit krav Vi tilbyr • Ei spennande stilling i ein fritidsklubb i utvikling. • Moglegheit til å vere med og forme eit nytt ungdomstilbod og ein ny juniorklubb. • Meiningsfulle arbeidsoppgåver der du kan gjere ein forskjell for barn og unge. • Eit engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø. • Moglegheit til å påverke aktivitetar, innhald og utvikling av klubben. • Fagleg utvikling innan relasjonsarbeid, ungdomsarbeid og førebyggjande arbeid. • Fleksibilitet som gjer stillinga godt eigna å kombinere med studium eller anna arbeid. • Løn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar. Dette er ei unik moglegheit til å vere med frå starten når me etablerer eit nytt tilbod og flyttar inn i nye lokale i Plogen kulturhus og rådhus. Du får vere med på å setje preg på framtidas fritidsklubb i Klepp. KontaktinformasjonCato Wallin, Avdelingsleder, +47 93482437 ArbeidsstadBedriftsvegen 4 4353 KLEPP STASJON Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5192330712 Stillingsprosent: 35% Fast Søknadsfrist: 23.10.2026
I Klepp kommune arbeider me kvar dag for at barn og unge skal oppleva tryggleik, meistring og gode oppvekstvilkår. No søkjer me ein leiar som vil vera med å forma framtidas barnevern saman med dyktige medarbeidarar og sterke samarbeidspartnarar. Me ser etter deg som veit at gode resultat blir skapte gjennom menneske. Du byggjer relasjonar, skapar tillit og får folk til å veksa. Samstundes er du fagleg trygg, strukturert og oppteken av kvalitet i arbeidet. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å utvikla, utfordra og skapa. Kvifor Klepp? • Fordi du får høve til å leia ein teneste med stor betydning for mange menneske. • Fordi du får arbeida saman med kompetente og engasjerte kollegaer. • Her får du vera med på noko større enn deg sjølv - bidra i samhandling med andre til å gjera Klepp til ein kommune kor det er godt å veksa opp. Bli med og skap gode oppvekstvilkår i Klepp kommune! Me trur på krafta i gode relasjonar - gjer du det same, håpar me å høyra frå deg. Søk i dag, og bli med på laget! Arbeidsoppgåver Barnevernstenesta i Klepp er ein viktig del av kommunen sitt samla arbeid for barn, unge og familiar. Me samarbeider tett med helsestasjon, barnehagar, skular, PPT og fleire andre tenester for å finna gode løysingar rundt barnet. Som leiar får du ansvar for å: • skapa retning og samhandling i tenesta • vidareutvikla ein kultur prega av tillit, læring og fagleg kvalitet • leggja til rette for at medarbeidarane lukkast og utviklar seg • sikra god drift, kvalitet og utvikling • styrkja samarbeidet med familiar, samarbeidspartnarar og kommunen elles Kvalifikasjonar • Barnevernfagleg utdanning på masternivå, alternativ annen relevant utdanning på tilsvarande nivå (jfr § 15.6 lov om barnevern) • Relevant bachelorutdanning med erfaring frå barnevern og/evt relevant vidareutdanning (jfr § 15.6 lov om barnevern) • Leiarutdanning, eller vilje til å ta dette • Leiarerfaring med dokumentert kapasitet til å leia menneske og utvikla fagmiljø • God forståing av lovverk, fagleg standardar og offentleg forvaltning • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Personlege eigenskapar Du er først og fremst ein trygg, relasjonell leiar. Du ser menneska rundt deg og veit korleis du byggjer sterke lag. Samstudes trivst du med ansvar, tek gode avgjerder og står støtt når det krevst. Du: - byggjer tillit gjennom handlingar og kommunikasjon - motiverer og utviklar medarbeidarar - skapar engasjement og felles retning - arbeider systematisk og målretta - har fagleg integritet og høge ambisjonar på vegne av barna - ser samanhengar og samarbeider godt på tvers av fag og tenester Me tilbyr • Ei meiningsfull leiarstilling med stor samfunnsverdi • Dyktige og engasjerte medarbeidarar • Eit sterkt tverrfagleg miljø med fokus på tidleg innsats og samordna tenester • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår • Gode ordningar for kompetanseutvikling • Systematisk leiaroppfølging og støtte • Eit godt tverrfagleg leiarteam under oppvekstsjef som står saman med deg i utvikling av tenesta KontaktinformasjonGry Susanne Hetlelid, Oppvekstssjef, +47 41637049 ArbeidsstadOlav Hålandsveg 2 4351 KLEPPE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5186075604 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.10.2026
Er du helsefagarbeider, sykepleiestudent eller har erfaring innen helse/omsorg og ønsker en meningsfull og lærerik helgejobb? Hjemmetjenesten i Klepp består av 4 avdelinger: Aust og Vest, Sør/Kleppetunet og Arbeidslag demens. Vi søker engasjerte helsefagarbeidere/sykepleiestudenter til helgestillinger i Aust og Vest og ringevikarer. Har du annen helsefaglig bakgrunn eller relevant erfaring, er du også hjertelig velkommen til å søke. Skriv i søknaden om du søker helgestilling eller ringevikar, eller begge deler. Vi kontakter aktuelle kandidater fortløpende. Hjemmetjenesten gir tjenester til innbyggere i hele kommunen, og er preget av høy faglig kompetanse og et sterkt tverrfaglig samarbeid. Hos oss blir du en del av et inkluderende og støttende arbeidsmiljø, der du jobber tett sammen med helsefagarbeidere, pleiemedarbeidere og sykepleiere. Hos oss får du varierte og spennende arbeidsoppgaver, og verdifull erfaring som er relevant for videre studier og yrkesliv. Vårt mål er å legge til rette for at brukerne kan bo trygt og godt hjemme så lenge som mulig. Vi ønsker å være en arbeidsplass der du blir sett, får ansvar og mulighet til å bruke og utvikle kompetansen din – samtidig som vi har det kjekt på jobb. Her møter du engasjerte kollegaer, høy faglig stolthet og stor takhøyde. Arbeidsoppgåver • Utøve omsorg og pleie i tråd med gjeldende lovverk og krav til faglig kvalitet • Delta i – og etter hvert selvstendig utføre:sykepleiefaglige prosedyrer som stomi- og kateterstell, sårbehandling og legemiddelhåndtering • Observere og vurdere pasientens tilstand, inkludert måling av vitale parametre (NEWS/ABCDE) • Bidra til helhetlig ivaretakelse av brukernes grunnleggende behov og livskvalitet • Dokumentere tiltak og observasjoner i journalsystemet CosDoc Kvalifikasjonar • Helsefaglig studie og/eller erfaring fra hjemmetjenester • Førerkort klasse B • God digital kompetanse og erfaring med velferdsteknologi • Tilfredsstillende politiattest er en forutsetning for ansettelse (legges ikke ved søknad, men sendes snarest etter tilbud om ansettelse) • Søkere som har annet morsmål enn norsk, må ha bestått norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedlegges søknaden. • Attester og vitnemål Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgere utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utenlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet. Personlege eigenskapar • Du liker å jobbe sammen med andre og bidrar til godt samarbeid • Du er fleksibel, tar ansvar og stiller opp når det trengs • Du møter brukere med respekt og ser ressurser hos den enkelte • Du jobber strukturert og finner løsninger når utfordringer oppstår • Du er pålitelig og tar oppgaver og ansvar på alvor • Du bidrar til et trygt og hyggelig arbeidsmiljø • Du kommuniserer godt med både brukere, pårørende og kollegaer Personlig egnethet vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Konkurransedyktig studentlønn, stipendordning ved 80-100 % stilling 5 uker på sommeren • Tilbud om arbeid hver 2. helg, hver 3. helg • Gratis parkering • Gode kollega med fokus på faglig utviklende miljø • Gratis svømming i Klepphallen for ansatte, ved gitte tider • Gode pensjons- og forsikringsordninger (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt) KontaktinformasjonIngvild Gabrielsen Byrkjedal, avdelingsleiar, +47 41080316 ArbeidsstadOlav Hålandsveg 8 4351 KLEPPE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5181098143 Stillingsprosent: 20% Fast Startdato: 02.11.2026 Søknadsfrist: 01.11.2026
Vil du bidra til å skape eit inkluderande og utviklande læringsmiljø for alle elevar? Me søker ein engasjert og kompetent teiknspråkspedagog som ønskjer å bidra til elevar si faglege, språklege og sosiale utvikling. Stillinga inneber arbeid med elevar som har behov for opplæring i og på norsk teiknspråk, samt tett samarbeid med foresatte, pedagogisk personale og eksterne samarbeidspartnarar. Ved Bore skule har me ledig ei 100% fast stilling som teiknspråkspedagog. Me søkjer deg som brenn for teiknspråkleg språkutvikling, formidling og tilrettelegging. Arbeidsoppgåver - Planleggje, gjennomføre og evaluere opplæring i og på norsk teiknspråk - tilretteleggje for eit inkluderande læringsmiljø som fremjar læring, deltaking og trivsel - rettleie andre tilsette i bruk av teiknspråk og kommunikasjonsstøttande tiltak - bidra til utvikling av skulen sin kompetanse innan teiknspråk og inkluderande praksis - samarbeide tett med foresatte, PPT, Statped og andre relevante instansar - delta aktivt i profesjonsfellesskapet og skulen sitt utviklingsarbeid Kvalifikasjonar - Godkjent pedagogisk utdanning - Teiknspråkskompetanse og/ eller utdanning innan norsk teiknspråk, teiknspråkpedagogikk - Erfaring frå arbeid med banr og unge - God kompetanse i tilpassa opplæring og inkluderande pedagogikk - Gode munnlege, skriftlege og teiknspråklege kommunikasjonsevner Personlege eigenskapar - Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner - Du er engasjert, fleksibel og løysningsorientert i møte med ulike behov - Du evner å arbeide sjølvstendig, men trivst også godt i tverrfaglege team - Du er oppteken av eleven si læring, utvikling og meistring. - Du bygg gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer - Du arbeider sjølvstendig og strukturert, er fleksibel og løysningsorientert. - Du bidreg positivt til samarbeid og i profesjonsfellesskapet - Du har engasjement for inkludering og mangfald Vi tilbyr - Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysning, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk. Søknadar vil bli vurdert fortløplande, og stillinga vil vera open til den blir besatt av kvalifisert søkjar. Om det ikkje kjem kvalifiserte søkjarar innan fristen, vil søknadsfristen kunne bli utsatt. KontaktinformasjonJorun Beate Fylkesnes, rektor, +47 93895074 ArbeidsstadVerdalsvegen 31 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5161035904 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026
Bli ein del av teamet i Klepphallen, vi søkjer ringevikarar! Om stillinga Ønskjer du ein fleksibel og meiningsfull jobb der du kan kombinere arbeid med studiar eller annan jobb? Klepphallen tilbyr ei unik arbeidsoppleving prega av samhald, tryggleik og fridom. Vi søkjer engasjerte ringevikarar til ulike oppgåver i våre idrettsbygg, med arbeidsoppgåver som badevakt, billettsalg, kundeservice og reinhald i samband med offentleg bading. Du vil inngå i eit team som har ansvar for tryggleik, hygiene og trivsel for våre badegjester. Som ringevikar vil du vere ein del av vårt faste turnusopplegg med arbeidsøkter på kveld og helg – perfekt for deg som vil ha ekstra inntekt på kveld og helg. Dersom du er på jakt etter ein jobb der du kan kombinere fleksibilitet med meiningsfullt arbeid, er Klepphallen plassen du bør søkje! Vi ber om at søkjarar opplyser i søknaden om kor mykje dei ønskjer å arbeide, samt eventuelle avgrensingar i tilgjengelegheit, til dømes kveldar, helger, feriar eller periodar dei ikkje kan arbeide. Dersom du har moglegheit til å arbeide noko på dagtid, ber vi om at dette blir opplyst i søknaden. Det er ein fordel om du kan stille på kort varsel ved behov. Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysing. Det vil bli sendt ut melding om at søknaden er motteken, men det vil ikkje bli sendt avslag. Kommunen tek kontakt dersom/når det er behov for fleire vikarar. Arbeidsoppgåver • Billettsal og kundeservice • Tilsyn ved offentleg bading • Enkel administrative oppgåver • Følgje gjeldande HMS-rutinar og arbeidsbeskrivingar • Enkle tilsynsoppgåver og etterkvært teknisk drift • Reinhald Kvalifikasjonar • Du må bestå ei badevakt prøve, med dykk ned på djupaste del (3,8m) i bassenget. Opplæring vil bli gitt. • Grunna arbeidsoppgavene er god fysisk form viktig. • Grunnleggende datakunnskaper. • Må meistre norsk flytande både skriftleg og munnleg. • Den som blir tilsett må kunne leggja fram politiattest jf. Opplæringslova • Attester og vitnemål Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet. Personlege eigenskapar • Du har godt humør, er fleksibel, og ikkje redd for å ta i eit tak • Du er trygg i vatn og grunnleggjande symjeferdigheiter • Du har gode kommunikasjonsevner • Bidra til å gjæra kollegaene dine gode og gi kollegastøtte Vi tilbyr • Fleksibel arbeidstid – perfekt for deg som studerer eller har annan jobb • Variert og sosialt arbeidsmiljø • Variert og meiningsfullt arbeid – bidra til tryggleik og trivsel i lokalsamfunnet • Støttande og inkluderande arbeidsmiljø – bli del av eit team som set pris på samhald og samarbeid • Moglegheit for personleg og fagleg utvikling – få opplæring og erfaring innan ulike arbeidsområde • Gode forsikrings- og pensjonsordninger • Gratis parkering • Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.Godt arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel KontaktinformasjonThor Gunnar Bore, +47 99580587 ArbeidsstadStasjonsvegen 26A 4350 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5127925506 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026
Tenesteområde helse og velferd i Klepp kommune søker utadvendte og ansvarsbevisste personar til støttekontaktoppdrag for barn, ungdom eller vaksne med ulike utfordringar. Dette er ikkje ei vanleg utlyst stilling der ein er garantert svar eller avslagsbrev, men ein stad du kan visa du er interessert for oppdrag og kor fagansvarleg for støttekontaktordning og leiar for Miljøtenesta med visse mellomrom er innom og leiter etter nye støttekontaktar. I periodar er behovet for godkjente støttekontaktar større enn andre periodar og vi er derfor avhengig av å opparbeide oss en «bank» med ledige støttekontaktar. Dette betyr at du kan bli kalla inn til intervju, men får kanskje ikkje oppdrag med det same. Arbeidsoppgåver • En støttekontakt er ein ven, ledsager og motivator for at personer som treng det, skal komme seg ut på fritidsaktiviteter saman med andre • Et oppdrag er oftast på 2-3 timer per veke • Du må ha evne til å gi eit planlagt og gi eit forutsigbart tilbod. Alle oppdrag er individuelt tilpassa • Nokre gonger vert støttekontakttenesta gitt som gruppe tilbod - og det er behov for ein person som kan å lede eit gruppetilbod Kvalifikasjonar • Du er god på kommunikasjon. Du forstår og snakkar godt norsk og har god kjennskap til norsk kultur. Minimum nivå B1 • Vi er opptatt av at oppdraget skal vere meiningsfylt for deg og den du er støttekontakt for. • Opplæring vil bli gitt • Politiattest vert kravd. • Det er ønskeleg med sertifikat og bil. • Attester og vitnemål Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet. Personlege eigenskapar • Vi søker personar som er interessert i å jobbe med menneske og som er gode på å skape gode relasjonar • Du ønskjer å bidra til at personar som treng det, skal få ei aktiv og kjekk fritid • Du er kreativ, strukturert og god til å planlegge aktivitetar i samarbeid med tenestemottakar. • Det er ein fordel å ha kjennskap til fritidstilboda i Klepp og omliggjande kommunar. Vi tilbyr • Du vil få eigen rettleiar • Opplæring og rettleiing i oppdraget • Lønn og utgiftsdekning etter gjeldande satsar for Klepp kommune • Ta kontakt med fagansvarleg for tenesta på mobil 47254583 dersom du lurer på noko KontaktinformasjonElin Kristine Trosterud, Fagleder, +47 47254583, elin.kristine.trosterud@klepp.kommune.no ArbeidsstadOlav Hålands Veg 9 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5062479594 Stillingsprosent: 0% Engasjement Søknadsfrist: 31.12.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.