Voss sjukehus har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar på Medisinsk seksjon, sengepost. Stillinga er ledige frå 01.12.2026 eller etter avtale. Vi har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar ved sengeposten i Medisinsk seksjon fram til 30.11.2027. Vi ser etter deg som ynskjer å arbeida i eit aktivt miljø med høg faglegheit. Stillinga inngår i todelt vaktordning (dag, kveld) og arbeid kvar 3. helg. OM AVDELINGA Medisinsk sengepost er lokalisert under Medisinsk seksjon, og har 20 heildøgnssengeplassar. Det blir behandla pasientar med ulike indremedisinske diagnosar, som til dømes hjarte, lunge, nyre, mage, tarm, hjerneslag, infeksjonar, diabetes og kreft. Sengeposten har nært samarbeid med andre profesjonar i sjukehuset. OM SJUKEHUSET Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ynskjer å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på fem kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger. OM VOSS Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo. Arbeidsoppgåver • Pleie og oppfylgjing av pasientar • Observasjon av pasientar (NEWS) • Oppgåver knytt til ernæring, hygiene og generell drift av sengeposten Kvalifikasjonar • Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon • Søkjar må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar Personlege eigenskapar Vi tenkjer at du: • Er ein god teamarbeidar • Trivst i eit aktivt og travelt miljø • Likar utfordringar • Har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ynskjer å vidareutvikla kompetansen din Vi tilbyr • Opplæring med fadder • Medverknad til arbeidsplan • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø i Medisinsk seksjon og på Voss sjukehus • Løn etter gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 56533780, sissel.marie.finne@helse-bergen.no Stine Hernes, Ass seksjonsleiar, 56533780, stine.hernes@helse-bergen.no ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5195676129 Stillingsprosent: 80% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 30.10.2026
Voss sjukehus har ledig 20% fast stilling som pleieassistent i medisinsk seksjon, sengepost. Me søkjer deg som har relevant erfaring innan helse. Dersom du til dømes er sjukepleiarstudent vil ei slik stilling gje deg erfaringar som du vil dra nytte av i utdanninga og inn i arbeidslivet. Lat ikkje denne moglegheita gå ifrå deg!!! Medisinsk seksjon består av sengepost, poliklinikkar og dialyseavdeling. Som pleieassistent på sengepost vil du bli ein del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Her vil du samarbeida med ulike profesjonar som helsefagarbeidar, sjukepleiar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell. Oppstart snarast eller etter avtale. Arbeidsoppgåver • Pleie og oppfølging av pasientar med genrelle indremedisinske diagnosar • Førefallande arbeid i avdelinga Kvalifikasjonar • Relevant erfaring. Fortrinnsvis sjukepleiar, vernepleiar eller medisinstudent • Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon Personlege eigenskapar • Vere ein god teamarbeidar • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø • Like verierte utfordringar • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ynskjer å videreutvikle kompetansen din Vi tilbyr • Lærerik og spennande jobb i aktivt miljø • Meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling • Løn etter gjeldande overinskomst Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 95899553 ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5195667401 Stillingsprosent: 20% Fast Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 30.10.2026
Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar i medisinsk seksjon, sengepost. Dersom du ynskjer å opparbeida deg solid erfaring og god kompetanse innanfor fleire spanande fagområder ynskjer me DEG med på laget! Medisinsk seksjon består av merkantilt personell, poliklinikkar, dialyseavdeling og sengepost. Som sjukepleiar på sengepost vil du bli ein del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Her vil du samarbeida med ulike profesjonar som helsefagarbeidar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell. Arbeidsoppgåver • Medikamenthandtering • Observasjon og oppfylgjing av inneliggjande pasientar • Utøva god omsorg for pasientar og pårørande • Teamarbeid med andre yrkesgrupper Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Meistre norsk skriftleg og munnleg • God fagleg kvalitet i pleie av pasientar • Kjennskap til bruk av IKT-verktøy Personlege eigenskapar • Bidreg positivt fagleg og kollegialt • Er strukturert og tek ansvar • Evner å arbeide sjølvstendig samstundes som at du er ein god lagspelar • Har pasienten i fokus • Verdset å halde deg fagleg oppdatert • Har gode kommunikasjonsevner • Er tilpasningsdyktig og fleksibel Vi tilbyr • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons -og forsikringsordningar • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard • Eit trygt og godt arbeidsmiljø • Årsturnus • Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg • Dersom det er ynskjeleg kan lågare stillingsprosent vera aktuelt Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 56533780, sissel.marie.finne@helse-bergen.no Stine Hernes, Ass seksjonsleiar, 56533780, stine.hernes@helse-bergen.no ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5193858719 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.10.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.