Lediga jobb i Austevoll
Hitta ditt nästa jobb i Austevoll kommun. Utforska 4 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.
- Aktiva annonser
- 4 tjänster
- Region & län
- Vestland
Aktuella jobb i Austevoll
Visar de senaste annonsernaVil du være med å skape hverdagsmagi?
I FUS har vi store ambisjonar – vi ønskjer å bli best på barnehage! Vi trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og vi søkjer engasjerte assistent/fagarbeidar som vil vere med på denne reisa. Er du engasjert? Tar du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte? Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søker du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre? Er du reflektert? Er du medviten om di vaksenrolle og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjonar i eit heilskapsperspektiv og finn løysingar på utfordringar? Ja? Då er du kanskje den vi ser etter! Storebø FUS barnehage er ein base barnehage med ca 75 plassar. Me ligg i nærleiken av butikk, ASV og ungdomsskulen. Hovudfokuset vårt er på leik og relasjonar. Målet vårt er å skapa ein trygg kvardag fylt av leik, glede og utviklingsmoglegheitar for barna. I barnehagen vår er det trygge tilsette med god kompetanse, glød og engasjement som ser barna og byggjer vidare på innspela deira. Me treng dyktige medarbeidere for heltids og deltids vikariat ut barnehageåret (15.12.26-31.07.27) og med moglegheit for oppstart snarest. Vi tilbyr: • Ein variert og aktiv kvardag • Moglegheit for å bidra med eigne relevante ferdigheiter eller interesser • Moglegheit for å bidra til vidare utvikling av barnehagen • Moglegheita for å bli ein del av ein kjede med stort fagleg fokus • Godt samarbeid med andre FUS-barnehagar i eit av Noregs største private barnehagenettverk • Gode løns- og pensjonsvilkår • Eigne FUS-klær Arbeidsoppgåver: • Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering og evaluering av det pedagogiske arbeidet • Bidra til å sørgje for den heilskaplege omsorga av det enkelte barnet og barnegruppa • Bidra til å utvikle det fysiske og psykososiale barnehagemiljøet Vi ønskjer at du: • Er samarbeidsvillig og kan løyse utfordringar saman med andre • Er tilpassingsdyktig – du trivst i ein variert kvardag, er fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, foreldre og kollegaer • Er påliteleg og ansvarsmedviten Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidrar til eit inkluderande fellesskap. Tilsetjinga føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.
Vaktmeister 100% fast stilling
Om stillinga Austevoll kommune søker ein engasjert og løysingsorientert vaktmeister til 100 % fast stilling i avdeling for drift og vedlikehald. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til Storebø skule, men du vil òg vere ein del av kommunen sitt samla driftsteam. Det må difor påreknast oppgåver ved andre kommunale bygg og eigedomar, mellom anna ved Austevollbadet, etter behov. På Storebø skule vil du vere ein viktig del av kvardagen til både elevar og tilsette, og bidra til at dei har trygge, trivelege og velfungerande lokale. Som vaktmeister hos oss får du ein variert arbeidskvardag med både sjølvstendige oppgåver og samarbeid med gode kollegaer. Vi nyttar FDV-systemet Famac til å planlegge, registrere og følge opp arbeidsoppgåver. Du vil få nødvendig opplæring og støtte til å strukturere arbeidsdagen, etablere gode rutinar og prioritere oppgåvene dine. Vi ser etter deg som trivst med praktisk arbeid, tek ansvar og likar å finne gode løysingar. Du treng ikkje kunne alt frå før – det viktigaste er at du har relevant erfaring eller kompetanse, er lærevillig og har lyst til å bidra. Ansvars- og arbeidsoppgåver: • Dagleg tilsyn, drift og vedlikehald av kommunale bygg, med hovudvekt på Storebø skule. • Utføre mindre reparasjonar, praktiske handverksoppgåver og løpande vedlikehald. • Følge opp tekniske anlegg, mellom anna ventilasjon, varme og andre bygningsinstallasjonar. • Utføre brannvernkontrollar og anna systematisk tilsyn etter etablerte rutinar. • Drift og vedlikehald av uteområde, inkludert sesongbaserte oppgåver. • Registrere og følge opp arbeidsoppgåver, feil og manglar i Famac. • Samarbeide med tilsette, brukarar av bygga, kollegaer og eksterne leverandørar. Arbeidsoppgåvene kan variere etter behov, og du vil få høve til å bidra med din eigen kompetanse og erfaring. Kvalifikasjonskrav Formelle kvalifikasjonskrav Vi ønsker gjerne at du har: • Fagbrev innan byggdrift, handverksfag, tekniske fag eller annan relevant utdanning • Praktisk erfaring frå drift, vedlikehald, handverksarbeid eller tilsvarande • Grunnleggande digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk digitale arbeidsverktøy • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Førarkort klasse B Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Erfaring med tekniske anlegg, SD-anlegg eller FDV-system er ein fordel, men ikkje eit krav. Du vil få opplæring i systema og rutinane vi nyttar. Vi veit at kompetanse kan byggast på ulike måtar, og oppmodar deg til å søke sjølv om du ikkje kjenner deg att i alle punkta ovanfor. For stillinga vil det bli kravd framlegging av politiattest før tilsetting, i samsvar med gjeldande regelverk. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • Er praktisk anlagd og likar å finne løysingar • Arbeider sjølvstendig, strukturert og tek ansvar for eigne oppgåver • Er serviceinnstilt og samarbeider godt med andre • Er fleksibel og trivst med ein arbeidskvardag der oppgåvene kan variere • Er positiv til å lære nye ting og utvikle eigen kompetanse Personlege eigenskapar vil bli tillagde vekt. Vi tilbyr • Ei fast stilling med varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver • Ein arbeidskvardag der du får arbeide både sjølvstendig og saman med erfarne kollegaer • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø i ei avdeling som er i utvikling • God opplæring og støtte til å etablere struktur, rutinar og gode arbeidsmetodar • Moglegheit for fagleg utvikling • Løn etter avtale og gjeldande tariffavtale • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar Er du usikker på om du har den rette bakgrunnen? Vi er opptekne av å finne den rette personen, ikkje nødvendigvis den som kan krysse av på flest kvalifikasjonar. Har du praktisk erfaring, god arbeidslyst og interesse for drift og vedlikehald av bygg, vil vi gjerne høyre frå deg. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga. Slik søker du Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kom til oss i Storebø FUS barnehage som pedagogisk leiar - Vikariat
Vi ser etter ein engasjert og varm pedagogisk leiar som har lyst til å vere med og skape ein kvardag full av leik, læring og omsorg i Storebø FUS barnehage. Dette er eit 100% vikariat fra 15.12.2026 - 31.07.2027,med moglegheit for forlengelse, og vi lovar at vi gjer vårt for at du skal kjenne deg som ein viktig del av gjengen frå dag éin. Her får du både faglege utfordringar og mykje latter i løpet av dagen. Du får jobbe i ein barnehage som er ein del av FUS-kjeda, med høg kvalitet, tryggleik og fagleg utvikling i fokus. Hos oss er det kort veg frå idé til handling – og godt rom for å vere både nysgjerrig og leiken, sjølv om du er vaksen. Om rollen Som pedagogisk leiar har du ei nøkkelrolle i barnehagen, både for barna, føresette og kollegaer. Du blir ein viktig premissgjevar for den pedagogiske praksisen på avdelinga, og ein lagspelar som får med deg både små og store. Vi ønskjer oss ein person som trivst med ansvar, men som også veit at den beste kvardagen skapar vi saman. • Ha det overordna pedagogiske ansvaret på eiga avdeling • Planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet • Sikre eit inkluderande, trygt og stimulerande miljø for alle barn • Ha tett og god dialog med føresette, med fokus på samarbeid om barnet • Rettleie og støtte medarbeidarar i det daglege arbeidet • Bidra aktivt i utviklingsarbeid, faglege møte og refleksjon i personalgruppa Kven vi ser etter Du er ein person som møter både barn, føresette og kollegaer med respekt, nysgjerrigheit og varme. Du likar å dele kunnskap, og du er heller ikkje redd for å spørje om hjelp når du treng det. • Utdanning som barnehagelærar • Eller anna relevant utdanning kan bli vurdert • Det må leggjast fram politiattest ved tilsetjing • Trygg i rolle som leiar i barnegruppa, og komfortabel med å ta avgjerder i kvardagen • God evne til å bygge relasjonar og skape tillit, både til barn og vaksne • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, slik at du kan kommunisere godt med barn, føresette og kollegaer • Evner å møte barn i ein kvardag som stadig er i endring Kvifor jobbe hos oss I Storebø FUS barnehage får du ikkje berre ein jobb, men ein gjeng å spele kvar dag med – både fagleg og sosialt. Vi tek fag på alvor, men oss sjølve akkurat passe høgtideleg. Her er det lov å prøve, feile, le og lære – og helst alt på same dag. Du blir del av ein organisasjon som jobbar forskingsbasert og systematisk med kvalitet, og som har sterk satsing på kompetanse og utvikling. Vi gir deg både støtte, rettleiing og rom til å vekse som pedagog og leiar. • Et sterkt fagmiljø med fokus på utvikling • Engasjerande kollegaer • Flott og inkluderande arbeidsmiljø med mykje samarbeidsvilje og humor i kvardagen • Egne FUS klær • Moglegheit til å påverke eigen kvardag og bidra aktivt i utviklinga av barnehagen • Konkurransedyktig lønn Korleis søkje Send inn søknad og CV gjennom den digitale søknadsportalen som er lenka til i utlysinga. Legg gjerne ved relevante vitnemål og attestar dersom du har dei lett tilgjengeleg. Skriv kort kvifor du har lyst til å jobbe akkurat i Storebø FUS barnehage, og kva du kan bidra med i miljøet vårt. Vi går gjennom søknadar fortløpande, og vi kallar inn aktuelle kandidatar til intervju. Vi vurderer søkjarar og gjer tilsettingar fortløpande, og vi vurderer søknader etter kvart som dei kjem inn.
Vil du jobbe som BPA-assistent i Austevoll?
På vegne av arbeidsleiaren vår i Austevoll søkjer vi no etter nye BPA-assistentar. Arbeidsleiaren klarer seg godt sjølv i kvardagen, men på grunn av synsnedsetjing har han behov for praktisk bistand til enkelte daglege gjeremål. Som BPA-assistent vil du bidra til at kvardagen går litt enklare. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere handling, rydding og vask i heimen, matlaging og lettare vedlikehald. Du må også kunne vere med på aktivitetar, trening, transport og reiser. Vi søkjer etter éin til to faste assistentar, i tillegg til tilkallingsvikarar. Arbeidsoppgåver • Husarbeid og praktisk bistand i heimen • Lettare vedlikehald inne og ute • Bistand med matlaging • Vere med på handleturar • Assistere ved transport • Bistå ved kortare og lengre reiser • Vere med på aktivitetar og trening Arbeidstid • Arbeidet vil hovudsakleg vere på dagtid og elles etter avtale med arbeidsleiar. Ønska kvalifikasjonar • Har førarkort klasse B • Har tilgang til eigen bil • Har gode norskkunnskapar • Er påliteleg, fleksibel og trivst med praktiske arbeidsoppgåver • Personleg eigenheit og god kjemi med arbeidsleiar vil bli tillagt stor vekt. • Dette kan vere ei fin stilling for deg som ønskjer ein variert og meiningsfull jobb, der du bidreg til at ein annan person kan leve eit sjølvstendig og aktivt liv. Vi tilbyr • Ein meiningsfull jobb med stor betydning i kvardagen til eit anna menneske • Moglegheita til å bidra til auka livskvalitet og sjølvstende • Eit nært og triveleg arbeidsmiljø • Grundig opplæring og tett oppfølging frå arbeidsgivar og arbeidsleiar • Tilgang til kurs og fagressursar gjennom NHI Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg! Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte koordinator Agnethe Lynn Ytrøy på ay@assent.no.
Största arbetsgivarna i Austevoll
Vanliga frågor om att jobba i Austevoll
Hur många lediga jobb finns i Austevoll?
Just nu listas 4 aktiva annonser i Austevoll kommun.
Vilka arbetsgivare anställer mest i Austevoll?
Bland de största arbetsgivarna i Austevoll finns Storebø FUS barnehage as, Austevoll kommune, Anonym arbeidsgiver.