Hoppa till huvudinnehållet
Jobb per ort

Lediga jobb i Kviteseid

Hitta ditt nästa jobb i Kviteseid kommun. Utforska 7 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.

Aktiva annonser
7 tjänster
Region & län
Telemark

Aktuella jobb i Kviteseid

Visar de senaste annonserna
Kviteseid omsorgsenter, Kviteseid kommune logo

Sjukepleiar/vernepleiar 52,11 % fast stilling på natt

Kviteseid omsorgsenter, Kviteseid kommune•Kviteseid•14 okt.

Vil du vere den faglege tryggleiken gjennom natta? Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt, frå d.d. Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, som er trygg i faglege vurderingar og som ønskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre gjennom heile døgnet. Som nattevakt vil du ha ei sentral rolle i å sikre kvalitet, pasienttryggleik og god oppfølging for bebuarane våre. Om arbeidsplassen :​ Kviteseid omsorgssenter er ein sjukeheim med 32 plassar fordelt på fire avdelingar, inkludert nyetablert korttidsavdeling. Pasientgruppa er samansett og omfattar mellom anna personar med demenssjukdom, kroniske sjukdomar, rehabiliteringsbehov og behov for lindrande behandling. Som sjukepleiar/vernepleiar på natt har du ansvar på tvers av alle avdelingane og samarbeider tett med øvrig nattevakt for å sikre trygg og fagleg forsvarleg drift gjennom natta. Stillinga inngår i årsturnus med arbeid kvar tredje helg. Arbeidsoppgåver​· Sjukepleie- og miljøterapeutisk oppfølging av pasientar på natt · Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon · Oppfølging av pasientar med samansette og akutte helseutfordringar · Medikamenthandtering etter gjeldande retningslinjer · Oppfølging av pasientar innan demensomsorg, palliasjon, KOLS og diabetes · Bidra til ro, tryggleik og omsorg for pasientane gjennom natta · Samarbeid med lege, legevakt og andre samarbeidspartnarar ved behov · Rettleiing og fagleg støtte til øvrige medarbeidarar på vakt · Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid · Sikre god informasjonsflyt mellom natt- og dagpersonellKvalifikasjonar​ · Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar · God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne · God digital kompetanse · Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid Det er ønskjeleg med erfaring frå:​ · Sjukeheim eller kommunehelsetenesta · Demensomsorg · Korttids- og rehabiliteringsavdeling · Palliasjon · KOLS- og diabetesoppfølging Personlege eigenskapar​ Me ser etter deg som:​ · Er fagleg trygg og sjølvstendig · Har gode observasjons- og vurderingsevner · Er roleg og handlingsdyktig i utfordrande situasjonar · Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner · Er strukturert og løysingsorientert · Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø · Møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omsorg Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.​   Vi tilbyr​· Fast nattstilling i 52,11 % · Årsturnus · Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver · Faglege utfordringar på tvers av fire avdelingar, samt samarbeid med heimetenestene · Moglegheit til å utvikle kompetanse · Intern og ekstern undervisning · Fokus på simulering, øving og ferdigheitstrening · Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning · Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, godt samhald og mykje humorKontaktinformasjon​Helene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90 21 37 57, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no Arbeidsstad​Lundenvegen 30 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:​Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5195144929 Stillingsprosent: 52,11% Fast Søknadsfrist: 06.11.2026

Sista ansökan: 6 nov.
Kviteseid kommune logo

Rekneskapsansvarleg i 100% fast stilling

Kviteseid kommune•Kviteseid•12 okt.

Ved fellestenestene har vi ledig spennande stilling Rekneskapsansvarleg i 100% fast stilling​ ​ Stillinga ligg rett under økonomisjef/assisterande kommunedirektør og du blir ein del av eit godt team. Arbeidsoppgåver​· Fagansvarleg for kommunerekneskapen og underliggande verksemder · Utarbeiding av årsrekneskap · Kostra-rapportering · Internkontroll og kvalitetssikring · Rådgjeving og rapportering til budsjettansvarlege · Bokføring og avstemming · Andre rekneskapsrelaterte oppgåverKvalifikasjonar​Vi ynskjer at du har: • Økonomisk utdanning på minimum bachelornivå, relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning • Regnskapserfaring frå A til Å, gjerne frå kommunal verksemd • God kjennskap til lov- og avtaleverk innan fagområdet, særleg frå offentleg forvaltning • God IT- og systemforståingPersonlege eigenskapar​ Kva type personlege eigenskapar vil me ha med på laget vårt? Me ser etter deg som er sjølvstendig og uredd. Me ser etter deg som er god på menneskelege relasjonar. Me ser etter deg som likar faglege utfordringar og som klarar å leite deg fram til svar på eigenhand. Me ser etter deg som forstår viktigheita av tidsfristar og som har høg arbeidskapasitet. Me ser etter deg som har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Me ser etter deg som har eit raust menneskesyn og som bidrar sosialt på arbeidsplassen.   Vi tilbyr​ • Ein spennande jobb med meiningsfulle arbeidsoppgåver • Eit godt arbeidsmiljø der latteren sit laust • Ein jobb med gode moglegheiter for kompetanseutvikling • Konkurransedyktig løn • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP   Me kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad Kommunen brukar nynorsk som språk. Du må kunne visa fram ny politiattest før tilsetjing. Kan dette vere noko for deg, ikkje nøl med å ta kontakt.​ Kontaktinformasjon​Snorre Halvor Djupedal, HR leiar, +47 481 78 566 Arbeidsstad​Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID Nøkkelinformasjon:​Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5194151777 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.11.2026

HeltidSista ansökan: 2 nov.

Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for elevane våre? Ved Kviteseid skule har vi ledig inntil 60% vikariat som fagarbeidar frå omgåande til 31.12 med stor moglegheit for forlenging. Vi søkjer etter ein varm, tydeleg og relasjonssterk vaksen som ønskjer å vere ein viktig del av laget rundt elevane våre. Stillinga vil innebere arbeid både i skule og eventuelt på SFO Arbeidsoppgåver​• Følgje opp enkeltelevar og elevgruppa • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø • Støtte elevar med ulike behov og utfordringar i skulekvardagen • Delta aktivt i samarbeid med lærarar, føresette og andre tilsette • Arbeid på SFO kan vere aktueltKvalifikasjonar​•Utdanning som vernepleiar er ønskjeleg Anna relevant utdanning eller erfaring kan òg vere aktuell • Erfaring frå arbeid med barn og unge vil vere ein fordel • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt Personlege eigenskapar​ •  Er ein varm, raus og tydeleg vaksenperson • Er glad i barn og oppteken av at alle elevar skal oppleve meistring og trivsel • Har evne til å byggje gode relasjonar og sjå det beste i elevane • Kan møte elevar med ulike behov med tryggleik, tolmod og omsorg • Er fleksibel, samarbeidsvillig og løysingsorientert • Kan ta imot rettleiing og beskjedar, samstundes som du kan arbeide sjølvstendig og ta gode val i kvardagen • Bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet og samarbeidet på skulen Vi tilbyr​• Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø • Meiningsfulle og varierte arbeidsdagar • Dyktige og engasjerte kollegaer • Moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i elevane sin kvardag • Lønn etter gjeldande avtaleverk • Gode pensjons- og forsikringsordningarKontaktinformasjon​Siv Omtveit Aasan, Avdelingsleiar Kviteseid skule, +47 93063991 Unni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, 90756486 Arbeidsstad​Skulevegen 9 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:​Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5194209681 Stillingsprosent: 60% Vikar Startdato: 02.11.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 27.10.2026

HeltidSista ansökan: 25 okt.
Tilrettelagde tenester, Kviteseid kommune logo

Avdelingsleiar/vernepleiar 100 % fast stilling

Tilrettelagde tenester, Kviteseid kommune•Kviteseid•7 okt.

Ved tilrettelagde tenester er følgjande stilling ledig: Avdelingsleiar/vernepleiar, 100 % fast stilling, med oppstart 01.01.2027 (gjerne tidlegare dersom det er mogleg). Stillinga er for tida i turnus med arbeid kvar fjerde helg og 35,5 timar per veke. 40 % av stillinga er knytt til rolla som avdelingsleiar for avlastning og team rundt born og ungdom med utviklingshemming, medan 60 % er knytt til vernepleiaroppgåver i miljøet for både born og vaksne ved Lundenjordet bufellesskap. Stillinga vil ha ei sentral rolle i vidareutvikling av fag, kvalitet og kompetanse innan avlastning for born og unge, og i tilrettelegging for overgang til eigen bustad og eit mest mogleg sjølvstendig vaksenliv.   Arbeidsoppgåver​ • Praktisk bistand, opplæring og rettleiing til bebuarar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak • Dagleg drift, planlegging og organisering • Personaloppfylging • Utarbeiding av turnusplanar • Budsjettmedansvar • Sikre kvalitet og forsvarlege tenester • Brukar- og pårørandesamarbeid • Medverke til forberingsarbeid og utvikling av tenestene • Planlegge utvikling og drift av eininga i samarbeid med leiarteamet • Koordinator og barnekoordinator • Ansvar for å skrive og følgje opp vedtak etter helse- og omsorgstenesta HOL kap. 9 Lista over arbeidsoppgåver er ikkje uttømmande, og andre oppgåver kan bli lagde til stillinga etter behov. Kvalifikasjonar​ • Autorisasjon som vernepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning • Erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming, gjerne born og ungdom • God digital kompetanse • Ynskjeleg med leiarerfaring • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Vi søkjer primært etter ein autorisert vernepleiar. Ved mangel på kvalifiserte søkjarar vil også autoriserte sjukepleiarar og søkjarar med annan relevant helse- og sosialfagleg bachelorutdanning bli vurderte. Personlege eigenskapar​ Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Vi ser etter deg som: • Har evne til å kommunisere og løyse oppgåver i samarbeid med andre • Du er ansvarsbevisst, strukturert og fleksibel • Er sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert • Kan medverke til eit godt arbeidsmiljø • Har stor arbeidskapasitet • Er oppteken av å sjå gode løysingar, med hovudfokus på brukaren sine behov Vi tilbyr​ • Årsturnus • Fokus på fagleg kompetanseutvikling • Vere ein del av Simuleringssenteret Telemark • Tett samarbeid med engasjerte kollegaer på tvers av einingar • Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning • Eit trygt og godt arbeidsmiljø • Eit inkluderande og engasjert personale med god fagleg kompetanse og stort hjarte for brukerane Kontaktinformasjon​Unni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, +47 90251683, unni.oygarden@kviteseid.kommune.no Arbeidsstad​Lundenvegen 18 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:​Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5185540237 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.10.2026

HeltidSista ansökan: 25 okt.
Kviteseid omsorgsenter, Kviteseid kommune logo

Helsefagarbeidar 52,11% fast stilling på natt ved Kviteseid omsorgssenter

Kviteseid omsorgsenter, Kviteseid kommune•Kviteseid•6 okt.

Vil du vere med å skape trygge netter for pasientane våre? Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som helsefagarbeidar på natt frå 01.01.2027. Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, er fagleg engasjert og har eit hjarte for eldreomsorg. Som nattevakt er du med på å skape tryggleik, omsorg og verdigheit for pasientane våre gjennom natta. Du vil vere ein viktig del av teamet og bidra til at pasientane får gode og fagleg forsvarlege tenester. Arbeidsoppgåver​· Gi helse- og omsorgstenester i tråd med gjeldande lovverk og kvalitetskrav · Observere, vurdere og rapportere endringar i pasientane sin helsetilstand · Bidra til tryggleik, omsorg og ro gjennom natta · Utføre pleie- og omsorgsoppgåver ut frå den enkelte pasienten sine behov · Dokumentere i elektronisk journalsystem · Bidra til godt samarbeid med kollegaer og andre faggrupper · Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid · Medverke til eit godt arbeidsmiljøKvalifikasjonar​ · Autorisasjon som helsefagarbeidar eller annan relevant helseutdanning · Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg · God digital kompetanse · Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid Det er ein fordel om du har erfaring eller interesse innan:​ · Demensomsorg og personsentrert omsorg · Palliasjon og lindrande behandling · KOLS · Diabetes · Rehabilitering · Korttidsopphald · Miljøarbeid Personlege eigenskapar​ Me ser etter deg som:​ · Er omsorgsfull og trygg i møte med pasientar og pårørande · Har gode observasjons- og samarbeidsevner · Er strukturert og ansvarsbevisst · Kan arbeide sjølvstendig og ta initiativ · Er fleksibel og løysingsorientert · Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø · Har evne til å halde hovudet kaldt og hjartet varmt når det trengst   Vi tilbyr​· Fast nattstilling i 52,11 % · Årsturnus · Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver · Faglege utfordringar på tvers av fire avdelingar · Intern og ekstern undervisning · Fokus på øving, simulering og ferdigheitstrening · Moglegheit for kompetanseutvikling og vidareutdanning · Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, godt samhald og mykje humorKontaktinformasjon​Helene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90213757, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no Arbeidsstad​Lundenvegen 30 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:​Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5191412909 Stillingsprosent: 52,11% Fast Søknadsfrist: 28.10.2026

DeltidSista ansökan: 28 okt.
Kviteseid skule, Kviteseid kommune logo

Ringevikarar ved Kviteseid skule

Kviteseid skule, Kviteseid kommune•Kviteseid•4 okt.

Lærarar og fagarbeidarar assistentar Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for elevane våre? Kviteseid skule søkjer engasjerte og pålitelege ringevikarar som kan arbeide ved fråvær og andre kortvarige behov. Vi treng både lærarar og fagarbeidarar/assistentar. Arbeidet kan vere på 1.–10. trinn og på SFO. Som ringevikar kan du bli kontakta på kort varsel. Omfanget av arbeidet vil variere etter skulen sitt behov, og stillinga har ingen fast stillingsprosent eller garanti for eit bestemt tal arbeidstimar. Det kan òg bli aktuelt med kortare vikariat over fleire dagar eller veker. Arbeidsoppgåver​ Arbeidsoppgåver for lærarvikarar​ • Gjennomføre undervisning etter planane til læraren • Skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø • Følgje opp elevar fagleg og sosialt • Tilpasse undervisninga til elevar med ulike behov • Samarbeide med kollegaer og andre tilsette ved skulen Arbeidsoppgåver for fagarbeidarar og assistentar​ • Følgje opp enkeltelevar og elevgrupper i undervisninga • Vere ei støttande og hjelpande hand i klasserommet • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø • Støtte elevar med ulike behov og utfordringar i skulekvardagen • Samarbeide med lærarar og andre tilsette • Arbeid på SFO kan vere aktuelt Kvalifikasjonar​For lærarvikarar er det ønskjeleg med relevant lærarutdanning. Studentar under lærarutdanning kan òg søkje. For fagarbeidarar er det ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant fagbrev. For assistentar er det ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Erfaring frå skule eller SFO er ein fordel. Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Du må kunne bruke digitale verktøy i arbeidet.Personlege eigenskapar​ Vi ser etter deg som:​ • er ein varm, trygg og tydeleg vaksenperson • er glad i barn og ungdom og ønskjer at alle elevar skal oppleve meistring og trivsel • byggjer gode relasjonar til elevar og kollegaer • møter elevar med ulike behov med tolmod, omsorg og respekt • er fleksibel, samarbeidsvillig og løysingsorientert • kan arbeide sjølvstendig og ta gode val i kvardagen • er påliteleg og kan møte på kort varsel • bidreg positivt i arbeidsmiljøet Vi tilbyr​ • meiningsfulle og varierte arbeidsdagar • eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø • dyktige og engasjerte kollegaer • moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i elevane sin kvardag • lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk • gode pensjons- og forsikringsordningar Kontaktinformasjon​Gjermund Sivertsen, Rektor Kviteseid Skule, +47 40248174 Arbeidsstad​Skulevegen 9 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:​Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5189609637 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026

HeltidSista ansökan: 31 dec.
Kjøkken og vaskeri, Kviteseid kommune logo

Institusjonskokk/kokk 90 % fast stilling ved Kviteseid omsorgsenter

Kjøkken og vaskeri, Kviteseid kommune•Kviteseid•1 okt.

Vil du vere med og sikre gode måltid, trivsel og kvalitet for bebuarar og brukarar i Kviteseid? Eining for kjøken og vaskeri søkjer ein fagleg sterk og engasjert institusjonskokk/kokk i 90 % fast stilling, ledig frå 01.12.26. Stillinga er på dagtid, med arbeid kvar 4. helg. Arbeidsoppgåver​· Matlaging til Kviteseid omsorgssenter (KOS) og heimebuande brukarar, samt catering internt/eksternt og pensjonistmiddagar · Bevertning frå post-kjøken (frokost og lunsj) · Bestilling av varer og vareflyt · Oppfølging av IK-mat og kvalitetssystem · Andre oppgåver kan bli lagt til stillingaKvalifikasjonar​· Institusjonskokk med fagbrev /kokk med fagbrev · Samarbeids- og kommunikasjonsevner · Fleksibel og positiv i ein travel kvardag · Fagleg sjølvstendig og kreativ · Evne til å handtere høgt tempo · Kompetanse på diettar og spesialkostPersonlege eigenskapar​ Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kommunen legg vekt på: • psykososialt arbeidsmiljø, • samarbeidsevner og • mellommenneskelege arbeidstilhøve. Vi tilbyr​· Spanande og varierte oppgåver i eit viktig fagfelt · Fagleg og personleg utvikling · Triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer · Løn etter gjeldande tariffavtaleKontaktinformasjon​Helene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90213757, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no Arbeidsstad​Lundenvegen 30 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:​Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5188888446 Stillingsprosent: 90% Fast Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 22.10.2026

DeltidSista ansökan: 22 okt.

Vanliga frågor om att jobba i Kviteseid

Hur många lediga jobb finns i Kviteseid?

Just nu listas 7 aktiva annonser i Kviteseid kommun.

Vilka arbetsgivare anställer mest i Kviteseid?

Bland de största arbetsgivarna i Kviteseid finns Kviteseid omsorgsenter, Kviteseid kommune, Kviteseid kommune, Kviteseid skule, Kviteseid kommune.