Helse Bergen har fått i oppdrag frå Helse Vest, på vegne av dei regionale helseføretaka, å leie eit nasjonalt arbeid med å sikre forsyningstryggleik av blod og blodprodukt i Noreg. Det er difor etablert eit koordineringssenter for blodberedskap. Norsk koordineringssenter for blodberedskap - Nokblod er lokalisert i Helse Bergen og høyrer organisatorisk til på Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin. Sentrale oppgåver for senteret er å vere eit interregionalt militært-sivilt samhandlingspunkt, etablere kurs og rutinar for sivil-militær blodberedskap, drive rådgjeving rundt utarbeiding av beredskapsplanar, logistikk, retningslinjer og prosedyrar, utvikling av blodprodukt, med meir. Senteret rapporterer til det nasjonale fagdirektørmøtet med årsplan og årsrapport. Senteret søker etter ein positiv og engasjert bioingeniør eller sjukepleiar til eit vikariat som varer ut 2027. Stillinga er ei dagstilling på 37,5 timar per veke, med tiltreding snarast. Bioingeniøren /sjukeplaiar vil ta del i den daglege drifta ved senteret jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretak. Dette inkludere at du skal delta som kurshaldar/instruktør lokalt og nasjonalt og delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar. Bioingeniøren/sjukepleiaren skal også utføre arbeid tilknyttet utviklings og forskningsprosjekter som gjennomføres i senteret. Stillinga vil innebere samarbeid med helseføretak i heile landet samt med militære fagmyndigheiter. Senteret samarbeider med internasjonale partnarar i Norden og andre land. Arbeidsoppgåver • Delta i den daglege drifta ved senteret jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretaka. Dette inkluderer blant anna operativ rolle som nasjonalt kontaktpunkt for blodberedskap og koordinering av sivil-militær blodforsyning i krise og krig • Delta i undervisning og kursing i og utanfor regionen • Delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar både sivilt og militært • Bidra i senteret sin kvalitets-, innovasjons-, forskings- og utviklingsaktivitet • Aktivt utoverretta aktivitet med samarbeidspartnarar • Reising må påreknast Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som bioingeniør eller sjukepleiar • Erfaring innan transfusjonsmedisin • Det er ønskeleg med erfaring med tapping og intervju av blodgivarar • Det er ønskeleg med erfaring med undervisning • Det er ein fordel med erfaring med prosjektarbeid og forsking og kvalitetsarbeid • Må meistre norsk og engelsk godt både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Personlege eigenskapar blir vektlagt • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dine medarbeidarar • Du ivaretar dine medarbeidarar slik at alle kan ha ein trygg og god arbeidskvardag • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og er resultatorientert • Du har gode kommunikasjonsevner og arbeider godt både sjølvstendig og i team • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din • Du toler å stå i krevande situasjonar • Du viser tillit, respekt og fagleg tryggleik Vi tilbyr • Lønn etter gjeldane overenskomst • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar • Eit aktivt og triveleg miljø • Høgt fagleg nivå • Kontinuerlig faglig utvikling • Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonTorunn Oveland Apelseth, Seksjonsleiar, ovto@ihelse.net ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5185076048 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 25.10.2026
Vil du vere med på å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad styrer din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du ein unik moglegheit til å bidra til diagnostikk, forsking og utvikling innan eit fagfelt som stadig er i endring. Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Avdelinga driv og forskings-, utviklings- og formidlingsaktivitet knytt til fleire av fagområda. Avdelinga har tre legegrupper: Hormonlaboratoriet si legegruppe, Seksjon for medisinsk biokjemi og Seksjon for klinisk farmakologi. Stillinga er knytt til Hormonlaboratoriet si legegruppe, som i dag har 2,6 overlegestillingar og tre LIS. Totalt har avdelinga 350 tilsette, fordelt på legegruppene, 12 analytiske seksjonar, ei eiga kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar. Som lege ved avdelinga vil du ha arbeidsstad i Laboratoriebygget ved Haukeland universitetssjukehus. Er du nysgjerrig på spesialiteten medisinsk biokjemi? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om vikariatet og moglegheitene hos oss! Oppstart 01.01.27 eller etter avtale. Arbeidsoppgåver • Vaktordning på dagtid (8-16) • Vurdering og kommentering av analysar • Rådgiving og rettleiing til rekvirerande legar og andre • Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye analysar • Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring • Moglegheit for fordjuping innan avdelinga si verksemd • Bidra med undervisning av andre tilsette i avdelinga Kvalifikasjonar • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi. • Lege utan LIS1 kan og søke og bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar • Teneste ved sjukehuslaboratorium kan bli vektlagd • Klinisk teneste kan bli vektlagd • Søkar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten B2) • God skriftleg dokumentasjonsevne • Søkar bør kunne utarbeide skriftleg informasjon på nynorsk • Personlege eigenskapar blir vektlagd Personlege eigenskapar • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet medisinsk biokjemi • Du har interesse og motivasjon for forskning • Du tar initiativ til forbetring/utvikling i avdelinga • Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert og målretta • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper • Du har oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse • Du kan følge opp delegerte oppgåver Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf • Spesialistutdanning i medisinsk biokjemi, inkludert sideutdanning dersom behov • Fagleg utvikling og moglegheit for fagleg fordjuping innan særskilde fagområde i medisinsk biokjemi • Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd • Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø • Høgt fagleg nivå • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKristin Viste, Einingsleiar, 55977812 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5196133474 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 09.11.2026
Avdeling for medisinsk genetikk (MGM) er ei av åtte organisatoriske einingar i Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har regionansvar for medisinsk-genetiske tenester i Helse Vest. Vi har om lag 95 tilsette med ulik yrkesfagleg bakgrunn, og vi er organisert i ein seksjon for klinisk genetikk, ei laboratorieeining med to seksjonar, og ein merkantil seksjon. Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft (RKAK) og Regionalt senter for presisjonsmedisin er òg knytta til avdelinga. Vi held til i lyse og trivelege lokale i 6. etasje i Laboratoriebygget, medan vår medisinsk-genetiske poliklinikk er lokalisert til 2. etasje i same bygg. Verksemda er kjenneteikna av tett integrering mellom klinikk og laboratorium for diagnostisk utgreiing, rettleiing og oppfølging av pasientar og deira familiar med sikker eller mistenkt arveleg tilstand. Fagområdet er i rask endring, basert på ny teknologi som gjer det mogleg å analysere alle dei genetiske variantane til eit menneske i éin prøve. Gjennom utviklinga av persontilpassa medisin forventar vi at raskt aukande kunnskap om variasjon i arvestoffet vil få stor innverknad på medisinsk praksis i framtida. Forsking er ein viktig del av vår verksemd. Ved avdelinga er det ledig ei fast stilling (100%) som spesialingeniør i bioinformatikk. Den som blir tilsett vil få ta del i ei spennande fagleg utvikling innanfor automatisering, behandling og analyse av genomdata og andre laboratoriestøtteprosessar i medisinsk-genetisk diagnostikk, med særleg fokus på neste generasjon sekvensering (NGS). Spesialingeniøren skal bidra til å utvikle, vedlikehalde og drifte nødvendige informatikksystem og program ved avdelinga, samt handtere dei data som blir produserte. Vedkommande blir ein del av eit godt fagmiljø og vil arbeida nært saman med tilsette ved Seksjon for bioinformatikk i Laboratorieklinikken. Arbeidsoppgåver • Utvikling og drift av programvare og pipelines for analyse av NGS-data • Utvikling og drift av integrasjonsløysingar mellom analyseinstrument, laboratoriestøttesystem og LIMS • Utvikling og drift av system for driftsstatistikk og kvalitetskontroll • Brukarstøtte for overnevnte system Kvalifikasjonar • Mastergrad innanfor bioinformatikk, informatikk eller eit tilsvarande relevant fagfelt. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning • Erfaring med verktøy og pipelines for handtering og analyse av NGS-data (t.d. GATK, DeepVariant, Centieon, FastQC, BWA, SAMtools, nextflow) • Erfaring med programmeringsspråk (t.d. Go, Python, R, javascript), teknologiar (t.d. slurm, git, docker), databaser (t.d. postgresql) og/eller oppsett og drift av linux-baserte OS • Meistre engelsk munnleg og skriftleg. God kunnskap i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ein fordel Personlege eigenskapar • Fagleg dyktig og kreativ • Strukturert, ansvarsbevisst og påliteleg • Løysings- og serviceorientert • God til å kommunisere og samarbeide i team Vi tilbyr • Lønn etter gjeldande overeinskomst • Høgt fagleg nivå og gode moglegheiter for fagleg utvikling • Fleksibel arbeidstid • Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonVidar Martin Steen, Avdelingssjef, +47 95936016 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5189158855 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.11.2026
Kreftgenomikk er ei avdeling i Laboratorieklinikken med ansvar for avansert molekylær kreftdiagnostikk. Avdelinga består av seksjonane Blodgenomikk og Tumorgenomikk, og nyttar eit breitt spekter av molekylære analysemetodar på kromosom-, DNA- og RNA-nivå for å påvise genetiske endringar med betydning for diagnostikk, prognose og behandling. Metodar som blir nytta er G-båndsanalyse, FISH, matrisebasert kopitallsanalyse, qPCR og smeltepunktsanalyse, Sanger‑sekvensering, fragmentanalyse, MLPA, nCounter og NGS. Laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189-standarden, og dei tilsette representerer fleire yrkesgrupper med høg fagleg kompetanse, mellom anna helsesekretærar, bioingeniørar, molekylærbiologar og legar. Avdelinga har ei sentral rolle i Infrastruktur for Presisjonsdiagnostikk (InPreD) der Helse Bergen HF er nivå 1-sjukehus. InPreD omfattar aktivitet i overgangen mellom forsking og diagnostikk, med utvikling, utprøving og implementering av nye metodar gjennom kliniske studiar og metodeutviklingsprosjekt. Arbeidet skjer i tett samarbeid med andre avdelingar lokalt og nasjonalt. Vi har opptil to ledige 100% vikariat i eitt år ved seksjon for Blodgenomikk eller Tumorgenomikk. Blodprøvetaking kan inngå i stillinga. Arbeidsoppgåver • Stillinga vil hovudsakleg ha arbeidsoppgåver og ansvar knytta til dagleg analytisk drift. Dette kan omfatte prøvehandtering av fiksert formalinnstøypt materiale (FFPE), cytologisk materiale og ferskt materiale, nukleinsyre ekstraksjon, celledyrking, kromosomanalyse, FISH, kvantitativ PCR, sanger-sekvensering, fragment-analyse, smeltekurvsanalyse, genuttryksanalysar, neste generasjons sekvensering og dagleg vedlikehald av instrumenta • Oppgåver som innber ansvar for instrumentdrift, analytisk kvalitetskontroll og deltaking i metodearbeid kan inngå • Ein må halde seg fagleg oppdatert innan avdelinga sitt fagspesifikke område • Blodprøvetaking kan inngå i stillinga Kvalifikasjonar • Søkar må ha godkjend norsk autorisasjon som bioingeniør eller minimum bachelor i molekylærbiolog/biokjemi/bioteknologi/genteknologi, samt relevant arbeidserfaring • Det er ønskeleg med erfaring frå genetisk arbeid og molekylærbiologiske teknikkar • Det er ønskeleg med erfaring frå diagnostisk verksemd • Det vil og vere ein fordel å ha kjennskap til avdelingas analysemetodar, samt programvare som nyttast ved avdelinga • Søkar må meistre norsk både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • Stillinga føreset evne til sjølvstendig og nøyaktig arbeid og det vil bli lagt vekk på personlege eigenskapar, samarbeids- og kommunikasjonsevner • Søkar må trivast i eit tverrfagleg og aktivt miljø under oppbygging • Søkar må ha god gjennomføringsevne Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Utfordrande arbeidsoppgåver • Høgt fagleg nivå • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Fleksibel arbeidstid Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKristin Dahl-Michelsen, Seksjonsleiar, 55977816 Hilde Myhre Mæland, Seksjonsleiar, 55973198 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5183971294 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 01.12.2027 Søknadsfrist: 21.10.2026
Vil du ha ein unik start på karrieren som bioingeniør? Helse Bergen HF tilbyr no stipendavtale for bioingeniørstudentar med arbeidsstad ved laboratoriet på Voss sjukehus. Dette er ein unik moglegheit for fagleg utvikling, verdifull erfaring og ein jobb i vakre omgjevnader! Om stipendavtalen Gjennom stipendordninga forpliktar du deg til 100% fast stilling som vaktgåande bioingeniør i tredelt turnus ved Voss sjukehus etter fullført bachelorgrad og oppnådd autorisasjon. Bindingstida tilsvarar talet på månader du har motteke stipend. • Stipend: Inntil kr 50 000 pr. studieår, utbetalt med kr 5 000 pr. månad (utanom juni og juli) • Sommararbeid: Minimum 6 veker arbeid i sommarmånadane • Du må vera villig til å å jobba dagvakt i gjennomsnitt éi helg i månaden • Du må vera villig til å jobbe i feriar etter avtale Kva kan vi tilby deg? Faglig mangfald: Brei erfaring gjennom arbeid på tvers av fleire fagfelt – mellom anna hematologi, koagulasjon, klinisk kjemi/immunkjemi, preanalyse, blodprøvetaking, transfusjonsmedisin og mikrobiologiske hurtigtestar. Inkluderande arbeidsmiljø: Eit støttande og lærevillig kollegium med god opplæring og fagleg oppfølging. Balanse mellom jobb og fritid: Om du likar ein aktiv livsstil eller helst trivst i rolegare omgivnader, kan Voss tilby både unike naturopplevingar og eit rikt kulturliv. Kultur og fellesskap: Festivalar som Vossajazz, Ekstremsportveko og Voss Cup gir eit levande og inkluderande nærmiljø. Strategisk plassering: Voss er eit vekstområde med togsamband til Bergen på berre 1 time og 15 minutt. Eit ideelt utgangspunkt for eit godt liv – både fagleg og privat. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus. For meir informasjon om sjukehuset, les her Arbeidsoppgåver Som bioingeniørstudent • Blodprøvetaking • Svare på telefonførespurnader • Noko enkelt analytisk arbeid kan vere aktuelt • Andre oppgåver kan vere aktuelt Som autorisert bioingeniør • Rullering mellom ulike fagspesifikke einingar i medisinsk biokjemi • Arbeid med transfusjonsmedisin og mikrobiologiske hurtigtestar • Deltaking i traumeteam ved akutte situasjonar • Rettleiing av studentar Kvalifikasjonar • Vi søkjer fortrinnsvis bioingeniørstudentar på andre og tredje studieår • Må meistre norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • Vi ser etter deg som har eit godt lag med folk. • Du er profesjonell og empatisk i møte med pasientar, pårørande og kollegaer, og samarbeider godt med dei. • I stressande situasjoner held du deg roleg. • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og får gjerne hjelp. • Personlig eignaheit vil bli vektlagd. Vi tilbyr • Eit godt opplæringsprogram for nytilsette • Kollegaer som ser og tek vare på kvarandre i ein aktiv kvardag • Turnusarbeid gir rom i kvardagen - mellom anna fri på dagtid i vekedagane • Varierte arbeidskvardagar, der du får innblikk i mange ulike fagområde • God opplæring i varierte og utfordrande arbeidsoppgåver frå erfarne kollegaer ved laboratoriet • Løn etter overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonJulie Hustveit, Konstituert seksjonsleiar, julie.hustveit@helse-bergen.no Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5178725692 Stillingsprosent: 20% Fast Søknadsfrist: 31.10.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.