Hoppa till huvudinnehållet
Jobb per ort

Lediga jobb i Stranda

Hitta ditt nästa jobb i Stranda kommun. Utforska 14 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.

Aktiva annonser
14 tjänster
Region & län
Møre og Romsdal

Aktuella jobb i Stranda

Visar de senaste annonserna
Stranda kommune logo

Fagleiar i heimetenesta

Stranda kommune•Stranda•14 okt.

Brenn du for fagutvikling og lagspel? Bli vår nye fagleiar i heimetenesta! Er du sjukepleiaren som alltid ser etter dei beste løysingane? Vil du vere med på å forme framtidas heimeteneste, der kvalitet, meistring og tryggleik står i fokus? Då har vi jobben for deg! Du er ein fagleg trygg sjukepleiar med eit brennande engasjement for eldreomsorg og primærhelsetenesta. Du blir motivert av å sjå andre lukkast, og du har evna til å nytte nasjonale retningslinjer i praksis. Du likar å halde deg oppdatert på fagfeltet, enten det gjeld demensomsorg, velferdsteknologi, pasienttryggleik eller kliniske prosedyrar. Vi trur på kontinuerleg forbetring, tverrfagleg samarbeid og å gjere kvarandre gode gjennom erfaringsdeling og ein godt samarbeid i kvardagen. Stranda distrikt, avdeling heimetenesta tilbyr eit breitt spekter av tenester til innbyggjarar i ulike livsfasar og med ulike behov. Målet vårt er å medverke til at brukarane våre kan bu trygt heime og meistre eigen kvardag så lenge som mogleg. Heimetenesta i Stranda distrikt er organisert i to soner og har eit sterkt fagmiljø med ei engasjert gruppe som samarbeider tett om å gi gode og heilskaplege tenester. Vi yter tenester til brukarar som bur i eigen heim, i omsorgsbustader utan fast bemanning, og i bustader med døgnbemanning. Vi har eit nært samarbeid med sjukeheimen i kommunen. I tillegg samarbeider vi tett med fysioterapeut, ergoterapeut og hjelpemiddelansvarleg for å sikre heilskaplege, tverrfaglege og koordinerte tenester til brukarane våre. Som fagleg leiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av tenestene våre. Du blir ein viktig samarbeidspartnar for avdelingsleiar, ein fagleg ressurs for medarbeidarane og ein pådrivar for kvalitet, utvikling og gode pasientforløp. Arbeidsoppgåver​ Drift, koordinering og innovasjon · Bidra til organisering og koordinering av den daglege drifta i heimetenesta. · Utarbeide og følgje opp arbeidslister og ressursplanlegging i samarbeid med avdelingsleiar. · Sikre god informasjonsflyt og samhandling mellom medarbeidarar og samarbeidspartnarar. · Bidra til hensiktsmessig prioritering av oppgåver og ressursar i den daglege tenesta. · Medverke til innføring og vidareutvikling av velferdsteknologi. · Delta i utvikling av framtidsretta arbeidsmetodar og tenester. Dokumentasjon og pasientoppfølging · Sikre god kvalitet i dokumentasjon og pasientjournalføring i tråd med gjeldande lovverk og retningslinjer. · Ansvarleg for at pasientjournalar er oppdaterte, fagleg relevante og gir grunnlag for forsvarlege tenester. · Bidra til systematisk oppfølging av vedtak, tiltak og pasientforløp. · Rettleie medarbeidarar i dokumentasjonsarbeid og bruk av journalsystem. · Koordinere samarbeid med fastlegar, sjukehus og andre kommunale instansar i samarbeid med sjukepleiarane ved avdelinga. · Bidra til heilskaplege pasientforløp og god samhandling på tvers av tenester. Rettleiar og inspirator · Rettleie og undervise kollegaer i kliniske kvardagssituasjonar. · Planlegge og gjennomføre internundervisning og faglege kompetansetiltak, i samarbeid med avdelingsleiar. · Vere ein fagleg støttespelar for medarbeidarar i krevjande og komplekse pasientsituasjonar. Fagutvikling innan prioriterte område · Bidra til tidleg kartlegging, oppfølging og tilrettelegging for personar med kognitiv svikt og demenssjukdom. · Styrke fokus på meistring, eigenomsorg og rehabiliterande arbeidsmetodar i tråd med prinsippa for kvardagsrehabilitering. · Bidra med avansert klinisk vurderingskompetanse i oppfølging av brukarar med samansette og komplekse helseutfordringar. Kvalifikasjonar​· Norsk autorisasjon som sjukepleiar. · Vidareutdanning innan avansert klinisk sjukepleie (AKS) er ønskjeleg. Annan relevant kompetanse vert vurdert. · Kompetanse eller erfaring innan demensomsorg, kvardagsrehabilitering og rehabiliterande arbeidsmetodar er ønskjeleg. · Erfaring med undervisning, rettleiing og kompetanseutvikling av medarbeidarar er ein fordel. · God digital kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal. · Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg. · Førarkort klasse B. · Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tiltreding.Personlege eigenskapar​Vi ser etter deg som: · Er fagleg engasjert og utviklingsorientert. · Har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege miljø. · Er strukturert og løysingsorientert. · Er trygg i rolla som rettleiar og fagperson. · Er tolmodig, empatisk og viser respekt for brukarane og pårørande sine ønskje og behov. · Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.Vi tilbyr​Eit sterkt fagmiljø Du blir ein del av eit engasjert og tverrfagleg team med høg kompetanse og stor vilje til samarbeid. Gode utviklingsmoglegheiter Vi legg til rette for vidareutdanning, kurs og fagleg utvikling. Konkurransedyktige vilkår · Løn etter kvalifikasjonar og avtaleverk. · Offentleg tenestepensjon i KLP. · Gode forsikringsordningar.Kontaktinformasjon​Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180 Arbeidsstad​Nymarkvegen 58 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:​Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5195120542 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 29.10.2026

Sista ansökan: 29 okt.
Ringstad og Helstad barnehage, Stranda kommune logo

Fagarbeidar, 100% fast stilling

Ringstad og Helstad barnehage, Stranda kommune•Stranda•13 okt.

Ringstad og Helstad barnehage vart i 2024 slått saman til ei kommunal eining, Det er fortsatt to kommunale barnehagar som har felles leiing. Ringstad barnehage er lokalisert like ved Stranda ungdomsskule og Helstad barnehage ligg i Strandadalen like ved Svemorka industriområde. Ringstad barnehage har i dag 60 plassar, fordelt på 3 avdelingar. Ei småbarnsavdeling med 24 plassar (12 barn) og to avdelingar med 18 plassar på kvar. Ringstad barnehage har eit stort og variert uteområde som gir barna gode muligheiter til å utfolde seg fysisk. I tillegg til det store uteområdet disponerer barnehagen eit skogsområde med gapahuk og bålplass, samt at vi har tilgang til ei stor grusbane som er fin å bruke til ulike arrangement. Barnehagen er open måndag- fredag frå kl. 06.40 til 16.15. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale, herunder 6 mnd prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.   Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjarene har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf Offentleglova § 25.     Vi har ledig 100% fast stilling som fagarbeidar frå 01.02.2027​  ​ Kvalifikasjonar​ • Fagbrev i Barne- og ungdomsarbeiderfaget. • Gode norsk kunnskaper. Krav om bestått nivå A2 og B1 i lese, lytte og munnleg kommunikasjon. • Ved mangel på søkjarar med fullført fagbrev kan søkjarar med anna relevant utdanning og/eller praksis bli vurderte  Personlege eigenskapar​ • Fleksibel, sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner • Flink til å kommunisere med små og store • Har helse som er forenlig med ein aktiv og stabil barnehagekvardag  • Personlege eigenskapar vert vektlagt Vi tilbyr​ • Eit godt arbeidsmiljø  • Varierte arbeidsoppgåver • Lønn etter tariff Kontaktinformasjon​Susan Aambakk Helsem, Einingsleiar, +47 46411130 Hilde Langlo Brekke, Assisterande styrar, +47 46411844 Arbeidsstad​Hevsdalsvegen 44 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:​Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5194545620 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.10.2026

Sista ansökan: 23 okt.
Ringdal Ole As logo

Renholder

Ringdal Ole As•Stranda•7 okt.

Vi søkjer Renholder til vårt kjøttproduksjons anlegg. Arbeidet vil bli utført på ettermiddag/kveld fra kl 1600-2400. Vi tilbyr: God opplæring, ordna arbeidsforhold, obligatorisk tjenestepensjon. Tiltreding etter nærare avtale. Lønn etter avtale. For søknad og meir informasjon om stillingene ta kontakt med: Ole Ringdal, Tlf 97090551 e-mail: ole@oleringdal.no Krav til kompetanse​ • Må beherske norsk Ønsket kompetanse​ • God helse og fysikk • Allsidig og fleksibel på arbeidstid

HeltidSista ansökan: 7 dec.

Hva vi ser etter​ Personlege eigenskapar:​ • Faglege ambisjonar og hjarte for arbeid i barnehage • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner • Relasjonsorientert med gode samarbeidsevner • Evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barns leik og utvikling • Strukturert og analytisk • Løysingsorientert og fleksibel • Identifiserer deg med Tusenfryd barnehage sine verdiar • Høgt engasjement og ei positiv haldning Kvalifikasjonar:​ • Godkjend utdanning som barnehagelærar • Erfaring frå barnehage er ønskeleg • Du må vere ein aktiv vaksen som ser enkeltbarnet, høyrer og bryr deg om kva barna ønsker å formidle og kan leie barnegrupper • Du må ha god helse, slik at du kan vere ein aktiv vaksen saman med barna både i leik og fysisk aktivitet • Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg • Ved tilsetting må politiattest leggjast fram.​ Arbeidsoppgaver​ Administrativt og pedagogisk ansvar Personalledelse knyttet til avdeling Vi tilbyr​ • Kan tilby fleksibel oppstart • Foreldreeigd andelsbarnehage med 3 avdelingar for barn i alderen 0-6 år • Har i alt ca.17 årsverk/ 18 tilsette • Har ei stabil og innovativ personalgruppe med fokus på profesjonalitet, engasjement, omsorg og glede • Er medlem i PBL-A, og har lønns- og pensjonsavtalar i henhold til PBL tariffavtale • Pedagogane har 4 timar samanhengande ubunden tid pr.veke og betalt pause • Har mat- og kjøkkenansvarleg • Ligg midt i byggefeltet Langlo III og har kort veg til eigen naturleikeplass med eigen lavvo og grillhytte i skogen • Satsingsområde: Vaksenrolla i leiken og tilrettelegging av eit inspirerande og variert leikemiljø • Utviklingsarbeid: Heilskapleg og systematisk språkarbeid

HeltidSista ansökan: 31 okt.
Helsetenesta, Stranda kommune logo

Stranda kommune søkjer fastlege

Helsetenesta, Stranda kommune•Stranda•23 sep.

​​Kvifor velge Stranda ?​ Stranda kommune ligg vakkert til mellom fjord og fjell på Sunnmøre. Her finn du eit unikt samspel mellom faglege utfordringar og naturbaserte fritidsaktivitetar – perfekt for deg som ønskjer ein balansert og meiningsfull kvardag.  Stranda kommune  har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.​  B​ur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. ​ Vi har ledig 2 vikariat i 100% stilling, eine frå dags dato til mai 2027 og det andre vikariatet frå 26. oktober til august 2027,  med moglegheit for forlenging. Vi søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin​ eller lege i spesialisering (ALIS).​ Stillinga er fastløna​ og alle ved kontoret er kommunalt tilsett​.     Listetak på 750 pasientar for spesialistar i allmennmedisin og 600 pasientar for ALIS.  Vi har i dag 7 legeheimlar og 1 LIS1-stilling og vi nyttar journalsystemet PasientSky.   Kvifor velge Stranda legekontor?​ • ​Legekontoret er veldrive • Godt og inkluderande arbeidsmiljø med erfarne kollegaer  • Variert arbeidskvardagar med allmennmedisinske utfordringar • Fastløn og 15 % omsetningsløn • Normal arbeidstid: 37,5 timar pr. veke • Det er lagt til rette for heimekontor/administrativ dag. • Internundervisning og «opa-dør»-prinsipp • Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad • Kommunen dekkjer kursutgifter og legg til rette for spesialisering, som ikkje blir dekka av utdanningsfond II • Kommunen er godkjent utdanningsverksemd • ALIS-avtale med oppfølging av erfarne rettleiarar • Til stillinga er det offentleg legearbeid med inntil 7,5 timar pr. veke  • Deltaking i interkommunal legevakt (primært laurdag og søndag dagtid)  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  • Natur, fjord, fjell rett utanfor døra – perfekt for friluftsliv og rekreasjon​ ​ Vi tilbyr​ • Spanande og varierte arbeidsoppgåver • Gode kollegaer og hyggeleg arbeidsmiljø • Interkommunal legevakt i Sykkylven med 3 fast tilsette legevaktslegar og hjelpepersonell. Primært legevakt laurdag og søndag kl. 08:00–16:00 • Lav vaktbelastning Kvalifikasjonar​ • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege • Gjennomført LIS1 i Norge • Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering • Søkjarar må kunne uttrykke seg godt på norsk, munnleg og skriftleg • Førarkort klasse B • Gyldig politiattest Personlege eigenskapar​ • Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team • Fleksibel • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr​ Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Kontaktinformasjon​Inge Settemsdal, Tillitsvalt NLF, 46411094 Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +47 46411089 Arbeidsstad​Øyna 13 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:​Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5185160767 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 11.10.2026

HeltidSista ansökan: 25 okt.
Trollhaugen Barnehage Stranda Sa logo

Vil du lede det pedagogiske arbeidet i en liten barnehage med stort handlingsrom?

Trollhaugen Barnehage Stranda Sa•Stranda•14 sep.

Vil du være med og forme det pedagogiske arbeidet i en liten barnehage med én avdeling? Hos Trollhaugen får du stor påvirkningsmulighet, tett samarbeid og kort vei fra idé til handling. Vi søker en engasjert pedagogisk leder i 100 % fast stilling, med oppstart i januar 2027. Hva vi ser etter​ • har godkjent utdanning som barnehagelærer eller annen likeverdig pedagogisk utdanning • er en trygg og tydelig leder som kan inspirere og veilede andre • møter barn med varme, omsorg og respekt • er aktiv, leken og til stede i barnas hverdag • tar initiativ og ønsker å utvikle det pedagogiske arbeidet • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • bygger gode relasjoner med barn, foreldre og kollegaer • arbeider strukturert, samtidig som du er fleksibel og løsningsorientert • har gode norskkunnskaper, både muntlig og skriftlig Erfaring fra barnehage eller pedagogisk ledelse er en fordel, men ikke et krav. Vi oppfordrer også nyutdannede barnehagelærere til å søke. Det viktigste er at du er faglig engasjert, ønsker ansvar og vil bidra positivt til fellesskapet vårt. Utdanning fra utlandet må være godkjent av Utdanningsdirektoratet. Tilfredsstillende politiattest må fremlegges før tiltredelse. Arbeidsoppgaver​ • lede, planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet • veilede og støtte medarbeiderne på avdelingen • bidra til et trygt, inkluderende og utviklende leke- og læringsmiljø • være aktiv og til stede i barnas lek og hverdag • følge opp det enkelte barnet og barnegruppen • organisere hverdagen på en god og oversiktlig måte • legge til rette for barns medvirkning • samarbeide tett og tillitsfullt med foreldrene • bidra til faglig utvikling og refleksjon i personalgruppen • samarbeide tett med daglig leder om barnehagens pedagogiske utvikling Hos oss er det kort vei fra planlegging til handling. Som pedagogisk leder får du derfor gode muligheter til å prøve ut ideer og sette ditt preg på barnehagehverdagen. Vi tilbyr​ • en fast stilling som pedagogisk leder i 100 % • mulighet for å tilpasse arbeidstiden noe og organisere plantiden fleksibelt, etter avtale og innenfor barnehagens behov • oppstart i januar 2027 • en sentral rolle i en liten barnehage med én avdeling • stor mulighet til å påvirke og utvikle det pedagogiske arbeidet • stort handlingsrom for egne ideer • et nært og inkluderende arbeidsmiljø med tett samarbeid • gode muligheter til å følge opp hvert enkelt barn • egen løe, et spennende uteområde og skogen rett bak barnehagen • lønns- og arbeidsvilkår i henhold til PBLs tariffavtale, inkludert pensjons- og forsikringsordninger Hos Trollhaugen får du en lederrolle der innsatsen, kompetansen og ideene dine får synlig betydning i barnehagehverdagen.

HeltidSista ansökan: 31 okt.
Den norske kirke, Møre bispedøme logo

Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Stranda og Liabygda sokn som særskild tenestestad

Den norske kirke, Møre bispedøme•Stranda•7 sep.

Det er ledig stilling som sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti, med Stranda og Liabygda sokn som tenestestad. Saman med Norddal, Stordal, Sunnylven og Geiranger sokn utgjer dette eit samarbeidsområde med tre sokneprestar. Prostiet er tenestedistrikt. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar. Der er tilsett to trusopplærar i tilsaman 150 % stilling. Dei deler arbeidet mellom alle sokna i samarbeidsområdet. Det er svært god oppslutning om konfirmasjon. Konfirmantane i Liabygda tek undervisninga i Valldal der dei går på ungdomsskule. Det er mellom 35 og 40 konfirmantar i Stranda. Det er også fleire felles arrangement for konfirmantane innan samarbeidsområdet. Soknepresten har hovudansvaret for konfirmantundervisninga, men trusopplærar er også med ved fleire høve. Soknerådet er også aktivt, og til stor støtte for soknepresten og det kyrkjelydsbyggjande arbeidet. Etter gjeldande gudstenesteforordning får Stranda sokn 41 hovudgudstenester på søn- og helgedagar, og Liabygda 16 for året. Andre prestar tek også gudstenester her. Stranda er ein jordbruks- og industrikommune. Her er godt utbygde servicenæringar, og mange bedrifter innan næringsmiddelindustri. Det er tilnærma full barnehagedekning. Kulturskulen har særs høg kvalitet og mange ulike retningar å velje mellom. Det er stor aktivitet innan fotball og handball. Stranda kommune ligg midt i hjartet av turismen på Vestlandet. Her er ein storslått natur prega av høge fjell og vakre, levande fjordbygder. Delar av Sunnmørsalpane ligg innanfor kommunegrensa og er eit eldorado for friluftsliv sommar som vinter. Stranda skisenter har 7 heiser og 18 nedfarter, og er rekna som eit av dei finaste skisentera i landet. I Stranda er det omsorgssenter, og i Liabygda omsorgsbustader. Soknepresten har regelmessig andakter på desse. Stranda kyrkje ligg i sentrum like ved prestegarden, og vart bygd i 1838. Det er god fergeforbindelse til Liabygda sokn. Kyrkja i Liabygda er ei vakker trekyrkje frå 1917. Kyrkjegarden er velstelt og omkransar kyrkja. I tettstaden Stranda finn du rådhus, bankar, butikkar, post, barnehagar, grunnskular, to vidaregåande skular, idrettshallar, regionalt kulturhus, kunstgrasbane, småbåthamn, helsesenter og eit bu- og aktivitetssenter for eldre. Stranda har organiserte fritidstilbod for alle aldersgrupper. Bussambanda til Ålesund, Oslo, Bergen og Trondheim er gode. Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv den vidaregåande internatskulen ”Vestborg” med ca. 80 elevar på Stranda. Dei har også eit barne- og ungdomsarbeid. Her er misjonsforeiningar for ytre- og indremisjon.  Folkekyrkja står sterkt i dette området og innbyggjarane er glade i kyrkjene sine. Sokna ynskjer seg ein prest med visjonar og lyst til å vere med å drive kyrkjelydsarbeid for alle aldersgrupper. Ny gudstenesteordning og trusopplæringsplanar gir mange spennande utfordringar i tida framover. Velkomen til oss! Arbeidsoppgåver​ -Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelydane. -Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid. -Soknepresten og resten av staben tek del i kyrkjelyden si trusopplæring og anna arbeid. -I samarbeidsområdet deler dei tre prestane på gudstenester og kyrkjelege handlingar mellom seg etter oppsett arbeidsplan, og har ein godt innarbeidd tenesteveketurnus. -Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane. Soknepresten er med i beredskapsordning for prestane Kvalifikasjonar​ Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest". -Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk ståstad. -Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, men du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. -Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.-Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP. -Ordinert søkjar som er stabsborgar i anne EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemsskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6 -Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.  Nynorsk vert nytta i kyrkje og skule. Personlege eigenskapar​-Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. -Kontaktskapande med evne til å bygge nettverk. -Sjølvstendig og strukturert. -Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper. Vere med å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar.Vi tilbyr​ Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønsgruppe 1555 sokneprest.  Innskot i KLP Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet.  Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar Dnk eiendom eig en prestebustad like ved Stranda kyrkje, som kan bli stilt til disposisjon for prest. Anna​ For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20 Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette. Kontaktinformasjon​Karl Johan Bjørge, Prost Nordre Sunnmøre prosti, 92423862, karl.johan.bjorge@kyrkja.alesund.no Arbeidsstad​Allmenningen 9 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:​Arbeidsgivar: Den norske kirke Referansenr.: 5177129197 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026

HeltidSista ansökan: 22 okt.
Stranda distrikt, Stranda kommune logo

Stranda distrikt - helgevakt og tilkallingsvikarar

Stranda distrikt, Stranda kommune•Stranda•26 aug.

Vi søker etter tilkallingsvikarar i Stranda distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg.  Stranda distrikt består av sjukeheim med 38 plassar, omsorgsbustadar ved avdeling Dalane, Solbakken og Liabygda og tenester til yngre heimebuande brukarar med funksjonsnedsetting. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Skriv i søknaden kva du søkjer på: • Stranda omsorgssenter avd. sjukeheimen - Helg og tilkalling • Stranda omsorgssenter avd. heimetenesta - Helg og tilkalling • Stranda omsorgssenter avd. HTF (heimeteneste til yngre med funksjonsnedsettingar) - Helg og tilkalling Arbeidsoppgåver​ Arbeid i pleie ved avdeling sjukeheimen Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar Kvalifikasjonar​ Erfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav.  Søkjarar til heimetenestene må ha førarkort. Personlege eigenskapar​ • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg. • Interesse for faget. • Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov Vi tilbyr​ Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk Løn etter kvalifikasjonar  Kontaktinformasjon​Astrid Helene Ringdal, Avdelingsleiar heimetenesta, 464 11 156 Hannah Velle Vadset, Avdelingsleiar sjukeheimen, 930 98 969 Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180 Arbeidsstad​Nymarkvegen 58 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:​Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5167459733 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 30.11.2026

HeltidSista ansökan: 30 nov.
Ringdal Ole As logo

Ekspedisjonsmedarbeidere

Ringdal Ole As•Stranda•17 aug.

Vi søkjer medarbeidere til ekspedisjonsavdelinga vår. Vi tilbyr: God opplæring, ordna arbeidsforhold, obligatorisk tjenestepensjon. Tiltreding etter nærare avtale. Lønn etter avtale. For søknad og meir informasjon om stillingene ta kontakt med: Ole Ringdal, Tlf 97090551 e-mail: ole@oleringdal.no Krav til kompetanse​ • Må beherske norsk Ønsket kompetanse​ • Gode samarbeidsevner • God helse og fysikk • Allsidig og fleksibel på arbeidsoppgåver

HeltidSista ansökan: 30 nov.
Ringdal Ole As logo

Produksjonsarbeider

Ringdal Ole As•Stranda•17 aug.

Vi søkjer medarbeidere til Produksjonsavdelinga vår. Vi tilbyr: God opplæring, ordna arbeidsforhold, obligatorisk tjenestepensjon. Tiltreding etter nærare avtale. Lønn etter avtale. For søknad og meir informasjon om stillingene ta kontakt med: Ole Ringdal, Tlf 97090551 e-mail: ole@oleringdal.no Krav til kompetanse​ • Må beherske norsk Ønsket kompetanse​ • Gode samarbeidsevner • God helse og fysikk • Allsidig og fleksibel på arbeidsoppgåver

HeltidSista ansökan: 30 nov.
Ringdal Ole As logo

Kjøttskjærere

Ringdal Ole As•Stranda•17 aug.

Vi søkjer medarbeidere til skjereavdelinga vår. Vi tilbyr: God opplæring, ordna arbeidsforhold, obligatorisk tjenestepensjon. Tiltreding etter nærare avtale. Lønn etter avtale. For søknad og meir informasjon om stillingene ta kontakt med: Ole Ringdal, Tlf 97090551 e-mail: ole@oleringdal.no Krav til kompetanse​ • Må beherske norsk Ønsket kompetanse​ • Gode samarbeidsevner • God helse og fysikk • Allsidig og fleksibel på arbeidsoppgåver

HeltidSista ansökan: 30 nov.
Ringdal Ole As logo

Slaktere

Ringdal Ole As•Stranda•17 aug.

Vi søkjer medarbeidere til slakteavdelinga vår. Vi tilbyr: God opplæring, ordna arbeidsforhold, obligatorisk tjenestepensjon. Tiltreding etter nærare avtale. Lønn etter avtale. For søknad og meir informasjon om stillingene ta kontakt med: Ole Ringdal, Tlf 97090551 e-mail: ole@oleringdal.no Krav til kompetanse​ • Må beherske norsk Ønsket kompetanse​ • Gode samarbeidsevner • God helse og fysikk • Allsidig og fleksibel på arbeidsoppgåver

HeltidSista ansökan: 30 nov.
Sunnylven distrikt, Stranda kommune logo

Helse og omsorg- helgevakt og tilkallingsvikarar

Sunnylven distrikt, Stranda kommune•Stranda•6 okt.

Vi søker etter tilkallingsvikarar i Sunnylven distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg.  Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi kontaktar aktuelle søkjarar ved behov. Arbeidsoppgåver​ • Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad • Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar Kvalifikasjonar​Erfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar​ • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg. • Interesse for faget. • Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov Vi tilbyr​ Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk Løn etter kvalifikasjonar  Kontaktinformasjon​Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183 Arbeidsstad​Hellesyltvegen 17 6218 Hellesylt Nøkkelinformasjon:​Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5025149629 Stillingsprosent: 50% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026

HeltidSista ansökan: 31 dec.
Geiranger distrikt, Stranda kommune logo

Helse og omsorg- helgevakt og tilkallingsvikarar

Geiranger distrikt, Stranda kommune•Stranda•6 okt.

Vi søker etter tilkallingsvikarar i Geiranger distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg.  Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus.  Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov.  Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi kontaktar aktuelle søkjarar ved behov. Arbeidsoppgåver​ • Pleie og hjelp til brukarane ved omsorgssenteret og heimebuande • Dokumentasjon • Kjøkkenarbeid og reinhald Kvalifikasjonar​ Erfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav.  Personlege eigenskapar​ • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg. • Interesse for faget. • Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov Vi tilbyr​ Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk Løn etter kvalifikasjonar  Kontaktinformasjon​Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183 Arbeidsstad​Maråkvegen 36 6216 Geiranger Nøkkelinformasjon:​Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5025148580 Stillingsprosent: 50% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026

HeltidSista ansökan: 31 dec.

Vanliga frågor om att jobba i Stranda

Hur många lediga jobb finns i Stranda?

Just nu listas 14 aktiva annonser i Stranda kommun.

Vilka arbetsgivare anställer mest i Stranda?

Bland de största arbetsgivarna i Stranda finns Ringdal Ole As, Stranda kommune, Stranda distrikt, Stranda kommune.