Hitta ditt nästa jobb i Ål kommun. Utforska 5 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.
Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du får bidra til å styrke ein person si sjølvstende og meistring i kvardagen? Vi har ledig inntil 100 % fast stilling med og er pr dags dato i hovudsak knytt til oppfølging av ei vaksen person med erverva kognitiv svikt. Stillinga vil innebere i hovudsak 12,5-timarsvakter i 3-7, 4-7 turnus. Me søkjer deg som likar å jobbe med menneske, som er dyktig til å bygge relasjonar og som spreier livsglede til folka omkring deg. Du ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar til kunnskapsbasert praksis og utvikle eigen arbeidsplass. Er du nyutdanna, er du velkomen til å søkje - me tek godt i mot nytilsette - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing. Me tilbyr: Inntil 100 % fast stilling med tilbod om langvakter, der dei fleste vaktene med 12,5 timer, arbeid kvar 3. helg, gode friperiodar og årsturnus. Det er organisert eigen nattevaktsturnus i tenestene. Som tilsett i Ål kommune blir du en del av eit team som legg vekt på fagleg kvalitet. Hjå oss får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg, innovative fagmiljø som stadig er i utvikling. Her er du garantert ein variert og spanande jobb. Du har gode kollegaer rundt deg som står klar for å hjelpe og støtte deg. Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning. Ellers har me: • årsturnus • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. • ein spennande og meininsfylt kvardag der du har moglegheit til å utgjere ein forskjell for andre. • høgt fagleg nivå og god fagdekking. • høve til fagleg og personleg utvikling. • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av hovudtariffavtala og pensjonsordning i KLP. • rekruttere- og behaldetillegg. • tilrettelagde og gode lokale. • fadder på jobb og fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål. • rabattert pris på treningssenter. Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Vil du vite meir om å flytte, bu og jobbe i Ål? Meir info finn du på vår heimeside. Arbeidsoppgåver er mellom anna: • ein-til-ein oppfølging av brukar i eigen heim og nærmiljø. • tettleiing og tilrettelegging i daglege aktivitetar (ADL). • motivere, støtte og igangsette oppgåver og aktivitetar. • arbeide målretta for å auke brukar sin sjølvstende og meistring. • å rapportere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk og aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester. • samarbeid med pårørande og aktuelle fagpersonar. Stillinga er pr dags dato primært knytt til ein bruker, men du må rekne med å utføre oppgåver i heimetenesta eller ved andre avdelingar i kommunen når tenestene sine behov tilseier dette. Vi søkjer deg som: • er tydeleg, strukturert og trygg i møte med menneskjer. • hHar evne til å motivere og igangsette aktivitetar og daglege gjeremål. • er tolmodig, løysningsorientert og sjølvstendig. • evner å bygge gode relasjonar samtidig som du kan sette nødvendige rammer. • er fleksibel og villig til å bidra på tvers av tenester ved behov. • har fokus på brukarmedverknad, meistring og utvikling. • har evne til å ta imot rettleiing . Kvalikfikasjonar: • autorisasjon som vernepleier eller helsefagarbeidar. Andre med 3- årig relevant høgskuleutdanning eller relevannt arbeidserfaring vil også bli vurdert. • erfaring frå arbeid med personar med kognitiv svikt er ein fordel. • kjennskap til målretta miljøarbeid er ønskjeleg. • gode norskkunnskapar (minimum B2-nivå) og datakunnskapar. • førarkort klasse B. Personlege eigenskapar blir tillagt vekt. Politiattest og søknad: • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader. • Intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista. Ta gjerne kontakt med oss. Velkommen som søkjar! Link til søknadsskjema: Søk her
Just nu listas 5 aktiva annonser i Ål kommun. Indexet uppdateras flera gånger per dygn från direktanslutna arbetsgivare och rekryteringssystem.
Bland de största arbetsgivarna i Ål finns Ål kommune Drift- og utvikling, Ål kommune Heimetenester, Ål kommune Helse- og omsorgssektoren.
Har du lyst til å skape interesse, nysgjerrighet og læringsglede innenfor bygg- og anleggsteknikk? Vil du jobbe i et kollegium med fokus på inkludering, samarbeid, utvikling og et godt profesjonsfellesskap - hvor vi har fokus på tydelige og trygge rammer for å skape mestring, motivasjon og trivsel hos elevene? Ål vidaregåande skole har i skoleåret 2026-2027 ledig 100% midlertidig undervisningsstilling innenfor bygg- og anleggsteknikk; både praktiske og teoretiske fag. Undervisningsoppgavene vil kunne være både på vg1- og vg2-nivå, og i fagområdet byggfag/tømrer. Ål vidaregåande skole er en kombinert skole med ca. 250 elever fordelt på 18 klasser. Skolen tilbyr utdanningsprogram innenfor teknologi- og industrifag, elektrofag, helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsteknikk, salg, service og reiseliv, samt påbygging til generell studiekompetanse og voksenopplæring. Ved skolen er det ca. 60 medarbeidere som sammen arbeider aktivt for å legge til rette for at elevene skal trives og ha et godt lærings- og arbeidsmiljø gjennom skoleåret. Målet vårt er å drive en skole der eleven er i sentrum, og der elever og ansatte engasjerer seg for å skape en god skole for alle. Byggfag er organisert i et eget programfag bygg- og anleggsteknikk. Skolen har to vg1-klasser på bygg, en vg2-klasse tømrer og en vg2-klasse anleggsteknikk. Det er totalt 5 undervisningsstillinger på programområdet. Skolen har et tett samarbeid med lokalt næringsliv og kommuner. Skolen har egen bygghall med både klasserom og produksjonslokaler. Arbeidsoppgaver • undervisning på programområdet byggfag/tømrer • undervisning i klasser med opptil 15 elever • det kan være aktuelt med undervisning innenfor andre fag og fagområder avhengig av kvalifikasjoner Kvalifikasjoner • teknisk fagskoleutdanning • fagbrev eller svennebrev i tømrerfaget, eller lignende • praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) • god digital kompetanse innenfor faget • kunne bruke IKT både som undervisnings- og arbeidsverktøy • beherske godt norsk, både muntlig og skriftlig Det oppfordres til å søke stillingen selv om man ikke innehar PPU eller teknisk fagskole. Personlige egenskaper • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • god til å skape positive relasjoner med andre • inkluderende og positivt elevsyn • evne til tydelig klasseledelse • stabilt og godt humør • nysgjerrig og villig til å utvide egen kompetanse innenfor fagene • utviklings- og løsningsorientert • kan jobbe selvstendig og i team • romslig, raus og fleksibel Vi kan tilby • et godt og inkluderende arbeidsmiljø • rause, fleksible og løsningsorienterte kollegaer • spennende og interessante arbeidsoppgaver • lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldende lov- og avtaleverk Ansettelsesform: Tidsbegrenset ansettelse.
Ansvar for dagens 3 middag, eller buffet, ukesmenyer samt frokoster Innkjøp og planlegging av menyer. Samarbeide tett med daglig leder. Krav til kompetanse • Erfaren kokk. med evne til å samarbeide og se helheten i driften • god norsk språkelige kunnskap er ønskelig Ønsket kompetanse • norsk kokkefagbrev • leder og økonomi innsikt Personlige egenskaper • økonomisk bevisst • god på renhold • flexibel • tar utfordringer med et smil • bra medarbeider
Som medarbeidar i VAR i Ål kommune blir du ein del av miljøet på 6 driftsoperatørar som jobbar med vatn og avløp. I tillegg er det fire andre tilsette som jobbar heilt eller delvis med fagområda. Arbeidsoppgåver: • Drift og vedlikehald av vassverk, pumpestasjonar og avløpsanlegg. • Tilsyn med leidningsnett for vatn og avløp. • Feilsøking, reparasjonar og førebyggande vedlikehald. • Prøvetaking og oppfølging av vasskvalitet. • Deltaking i beredskapsordning / vaktordning etter nærare avtale. • Registrering og dokumentasjon i digitale driftssystem. Vi ønskjer ein person med: • Fortrinnsvis utdanning som driftsoperatør VA eller prosessfag, men utdanning som røyrleggar eller elektrikarar innafor automasjon er også svært aktuelt. Personar utan utdanning, men med god praktisk erfaring, vil og bli vurdert. • Nyutdanna vert oppfordra til å søkje. • God datakunnskap er avgjerande. • Det er ein fordel om ein har ADK-sertifikat. • Evne og vilje til samarbeid. • Evne til å arbeide sjølvstendig. • Sertifikat for bil, minst B, helst BE. Vi kan tilby: • Ei viktig stilling i ein spennande og utviklingsorientert organisasjon, med krevjande og utfordrande arbeid. • Lønn etter Hovudtariffavtala. • Gode pensjons- og forsikringsavtaler. Send søknad: • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. • Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden. • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista. Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytta til stillinga. Velkomen som søkjar. Link til søknadsskjema: Søk her
Ønskjer du jobb i helse og omsorgssektoren og du har ein kompetanse me treng? Har du planar eller vurderer du å flytte til Ål eller Hallingdal? Har du ledig kapasitet og ønskjer du å jobbe ekstra? Ønskjer du ekstrajobb som gir deg relevant erfaring? Om oss: Helse- og omsorgssektoren består av 8 avdelingar som samla gir eit heilskapleg tilbod av helse- og omsorgstenester. Ål helsesenter består av avdeling Meistring (fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, dagsenter, Friskliv) heimesjukepleie, Gjestetunet(korttidsavdeling), avdeling Stugu (langstidsavdeling), Ål legeteneste (legekontor og Hallingdal legevaktsentral). Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter. Miljøterapitenesta har base på Prestegardsjordet. I Familiens hus har me lågterskel tenester som svangerskapsomsorg, helsestasjonsteneste 0-5 år, skulehelseteneste og psykisk helse for born og unge. Vidare er Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) ein del av Familiens hus. Me har god fagdekking og fokus på fag- og kvalitetsutvikling. Det er eit godt og tett tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike tenestene og med frivillige og Frivilligsentralen. Vi har behov for: • sjukepleiarar • vernepleiarar • helsefagarbeidarar • miljøterapeutar / miljøarbeidarar • fagarbeidarar / assistentar • Personar med annan helsefagleg bakgrunn • Assistentar og andre som ønskjer seg erfaring med arbeid i helse- og omsorgssektoren • Studentar innan sjukepleie / vernepleie / medisin eller helsefag Vi ønskjer deg som vil jobbe med: • utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer • å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus tverrfagleg arbeid, brukarmedverknad, pårørandestøtte og gode meistringstilbod • å skape den gode dagen og yte det vesle ekstra Du må være sjølvstendig, like kontakt med menneskjer og du bør ha førarkort. Du må kunne bruke data og ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg. For å jobbe i helse- og omsorgssektoren må du vere 18 år. Er du nyutdanna eller har du liten erfaring, er du velkomen til å søkje - me tek godt i mot nytilsette - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing. Me legg til rette for å vere eit lærande hus for elevar og studentar. Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning. Informasjon om generell søknad: Alle avdelingsleiarar i Helse- og omsorgssektoren har tilgang til søknadar som kjem inn, og kan ta kontakt med aktuelle søkjarar. Annonse ligg open ut året, og søknaden din vil bli liggjande tilgjengeleg for leiarane til du eventuelt ber oss om å trekke den. Informasjon om tillkallingsvikar: Avtale som tilkallingsvikar inneber at me tek kontakt med deg ved behov for kortvarig og mellombels engasjement. Tilkallingsvikaren har ikkje arbeidsplikt i kommunen, og kan takke ja eller nei til tilbod om arbeid. Det er avdelinga sitt behov som er utgangspunktet for ein førespurnad, og dei står fritt i valet av arbeidstakar i det einskilde høve. Me gjer merksam på at ein avtale som tilkallingsvikar ikkje gjev rett på vikaroppdrag. Politiattest og søknad: Du viser din interesse ved å søkje på denne stillinga. Dersom du ønskjer å jobbe ved ei bestemt avdeling ber vi om at du oppgir dette i søknaden. Om vi ved eit seinare tidspunkt lyser ut ein stilling som er av interesse må du leggje inn en ny søknad på den aktuelle stillinga, sjølv om du tidigare har vist oss interesse ved å sende oss ein søknad. • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista Du er velkommen til å ta kontakt med oss. Link til søknadsskjema: Søk her